ADHD – forseinka diagnose - avslag

Ei kvinne søkte om erstatning for forseinka diagnose av ADHD. Fyrst i vaksen alder fekk ho diagnosen, og starta behandling med legemiddelet Ritalin. Ho meinte at diagnosen burde vore stilt meir enn 20 år før. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

ADHD

ADHD står for Attention Deficit Hyperactivity Disorder og er ei nevrobiologisk liding. Kjenneteikn er auka uro, rastløyse, impulsivitet, merksemds- og konsentrasjonsvanskar. Lidinga viser seg tidleg i barneåra. To til seks prosent av folkesetnaden i førskule-/skulealder har lidinga. 30-70 prosent av borna/ungdomane har framleis symptom som vaksne. Ny forsking dokumenterer at ADHD kan diagnostiserast hos vaksne utan at dei har hatt typiske symptom i barnealder.

Psykiater/psykolog stiller diagnosen gjennom ymse testmetodar.

Behandling: Dei vanlegaste medikamenta er metyl-fenidat-preparat (Ritalin o.l.) og amfetamin-preparat. I tillegg omfattar behandlingsprogrammet informasjon til pasienten og pårørande, tilrettelagt læringsopplegg, familiebehandling og nødvendig behandling av eventuelle andre lidingar som kan oppstå, som til dømes angst og depresjonar.

Skriv ut Bokmål | English | 19. desember 2017

Gjennom ein lang periode i oppveksten, var kvinna fleire gonger innlagd i psykiatrisk klinikk på grunn av eteforstyrring og depresjonar. Ho fekk mellom anna diagnosen bulimi. Sjølv ba ho fleire gonger om å bli greidd ut for ADHD, utan at ho fekk nokon tilvising til det.

Fyrst i godt vaksen alder blei ho greidd ut for dette hos ein privatpraktiserande spesialist i psykiatri. Han konkluderte med at ho hadde ADHD. Ho starta opp med medisinar, og ho opplevde god effekt av det. Etter dette hadde ho heller ikkje problem med eteforstyrringar.

Kvinna meinte at ho skulle fått denne utgreiinga i fyrste halvdel av 1990-talet. Ho meinte at det var sannsynleg at ho ville fått diagnosen og starta behandling då. Ho meinte at ho mista moglegheita til ei god utdanning og ein god jobb på grunn av manglande rett behandling.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i psykiatri vurderte saka.

Vi meinte at det ikkje var grunnlag for å greie ut kvinna for ADHD i starten av 1990-talet. Ho hadde ingen symptom som gav mistanke om denne tilstanden. Det var heller ikkje vanleg å greie ut vaksne for ADHD på den tida. Det var òg andre problemstillingar som var sentrale for behandlinga. Dei plagene ho hadde, var ikkje typiske for ADHD. Det er ikkje kjent at ADHD kan gi eteforstyrringar. Vi meinte difor at ADHD ikkje var årsaka til eteforstyrringane.

Vi konkluderte med at diagnostiseringa og behandlinga kvinna fekk ved den psykiatriske klinikken, var i tråd med god medisinsk praksis.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.