Sjølvmord i institusjon - medhald

Ei kvinne tok livet sitt under opphald på psykiatrisk avdeling. Dei etterlatne søkte om erstatning. Dei meinte at ho ikkje fekk tilstrekkeleg tilsyn ut frå den høge sjølvmordsrisikoen hennar.  Vi vurderte saka og dei etterlatne fekk medhald.

Skriv ut Del 19. desember 2017

Bokmål versjon

Del artikkel på startsiden

Kvinna hadde i lang tid hatt problem med rus, psykisk sjukdom og sterke smerter. Ho blei innlagd etter at ho prøvde alvorleg å forgifte seg og gjere skade på seg sjølv. Etter ein periode på akuttpsykiatrisk avdeling, blei ho flytta til eit distriktspsykiatrisk senter. Ho var sterkt deprimert, og tok livet sitt nokre få dagar etter at ho blei flytta over.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i psykiatri vurderte saka.

Vi meinte at behandlinga og oppfølginga i psykiatrisk avdeling ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. I vurderinga la vi til grunn at det ikkje blei sett igang tilstrekkeleg tilsyn med tanke på den høge risikoen for sjølvmord kvinna hadde. Sjølvmordet kunne mest sannsynleg vore avverja med ein skjermande behandlingsplan og kontinuerleg tilsyn.

Dei etterlatne har rett til erstatning.