Rotfylling – medhald

Ei kvinne fekk rotfylt ein jeksel. Etter knappe to år måtte rotfyllinga gjerast om att hos ein annan tannlege. Vi meinte at den fyrste rotfyllinga ikkje var gjort rett, og at det var grunnen til at ho måtte gjerast om att etter så pass kort tid. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Kofferdam

Ein elastisk gummiduk, ofte av latex, som tannlegen set rundt tanna som skal rotfyllast. Duken skal sørgje for at arbeidsområdet er så reint som mogleg, og at ikkje pasienten skal få nåler eller skyljevæsker i halsen/munnen. Både duken og tanna blir vaska med eit bakteriedrepande middel. Dette er ein del av rutinane når ein skal rotfylle.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Kvinna gjekk til tannlegen då ho hadde vondt i ein jeksel. Nærare undersøking viste at tanna var betent, og tannlegen meinte at det var nødvendig å rotfylle henne. Etter rotfyllinga var tanna framleis vond. Kvinna gjekk etter kvart til ein annan tannlege som fann at det var ein kraftig betennelse rundt tannrota. Tannlegen starta opp behandling med antibiotika. Då betennelsen hadde roa seg, blei tanna rotfylt på nytt, med vellukka resultat.

Vurderinga vår 
Ein  sakkunnig allmenntannlege vurderte saka.

Vi meinte at det var grunnlag for den fyrste rotfyllinga. Derimot dokumenterte ikkje tannlegen at han følgde dei vanlege rutinane for rotfylling. Mellom anna gjekk det ikkje fram om han brukte Kofferdam, kva antibakterielle midlar han brukte, eller kva lengder og dimensjonar det var på instrumenta han brukte i samband med utreinsinga av tanna. Det var òg ein rotkanal som ikkje var fylt.

Vi kom difor fram til at det var ein svikt i behandlinga ved den fyrste rotfyllinga, og at dette var den sannsynlege årsaka til at kvinna fekk betennelse i tanna. Rotfyllinga måtte gjerast om att, med ekstra utgifter for kvinna. Det oppstod ingen varig skade på tanna.

Kvinna har rett til erstatning.