Tanntrekking – nerveskade – avslag

Ei kvinne fekk fjerna ei visdomstann. Ho fekk ein nerveskade som gjorde henne kjenslelaus i halve andletet. Ho søkte om erstatning for dette. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Kvinna hadde i ein lengre periode vore plaga med ei visdomstann. Tanna var komen delvis fram. Ho hadde sannsynlegvis hol i tanna, og ho fekk betennelsar i tannkjøtet rundt tanna. Plagene hennar auka, og ho blei difor tilvist til å få fjerna tanna kirurgisk.

Under inngrepet oppstod det ein skade på ein nerve. Dette førte til at kvinna mista kjensla i underleppa, haka, delar av kinnet og tunga på høgre side. Ho blei følgd opp med fleire kontrollar, og ho fekk informasjon om moglegheita for laserbehandling om ho var kjenslelaus i andletet utover eitt år.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i odontologi (kjevespesialist) vurderte saka.

Vi konkluderte med at det mest sannsynleg var samanheng mellom inngrepet og skade på nerver i området. Nerveskaden førte til at kvinna mista kjensla i delar av kjeven og munnen. Det var gode grunnar for å gjere inngrepet, som blei utført etter god medisinsk praksis.

Det er ikkje uvanleg at det oppstår skade på nærliggjande nervar når ein fjernar ei visdomstann i underkjeven, når ho berre delvis har kome fram. I dette tilfellet viste røntgenbilde at tanna låg djupt og nær nervekanalen. Ein skade på nervar kan då lett skje, sjølv om inngrepet er rett utført. Skaden er som oftast forbigåande, og nervane får vanlegvis tilbake normal funksjon i løpet av to til seks månader. I dette tilfellet blei skaden sannsynlegvis permanent.

Kvinna fekk god oppfølging etter nerveskaden. Sjølv om skaden blei permanent, var komplikasjonen ein kjend risiko ved inngrepet som vi meinte at kvinna måtte akseptere.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.