Forseinka diagnose av kreft

Om du meiner du har fått ein skade som følgje av forseinka diagnostisering og behandling av kreft, kan du søkje om erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 21. juni 2019

Om du har rett til erstatning, vil det først og fremst være det økonomiske tapet ditt som følgje av forseinkinga som blir dekt.

Forseinka diagnose 
Kvart år tek NPE i mot mange saker der pasienten klagar på at ein kreftdiagnose blei stilt for seint. I desse sakene må vi først avklare om det er slik at kreftdiagnosen burde vore stilt tidlegare.

Vi vurderer ikkje her kva som objektivt ville vore mogleg, men om det er slik at diagnosen burde vore stilt tidlegare. Burde legen tilvist og gjort undersøkingar tidlegare? Burde han sett at det var kreft på bakgrunn av røntgenbilde eller vevsprøver? Burde han gjort fleire undersøkingar, som då ville avdekt at det var kreft?

Om vi kjem til at kreftdiagnosen burde vore stilt tidlegare, må vi avklare på kva tidspunkt diagnosen burde vore stilt. Vidare må vi avklare kva forseinkinga har hatt å seie for kreftbehandlinga og sjukdomsutviklinga.

Kva skuldast kreft og kva skuldast forseinka diagnose?
Det som kan være utfordrande i mange av desse sakene, er å avklare kva rolle kreften i seg sjølv har, og kva rolle forseinkinga har for behandling og vidare utvikling av sjukdomen. Vi må då vurdere kva som er mest sannsynleg. I ein del saker er det slik at sjølv om diagnosen burde vore stilt tidlegare, har ikkje det hatt noko å seie for den behandlinga pasienten fekk. Ved tidlegare diagnose ville behandlinga uansett vore den same.

I andre saker er det slik at forseinkinga gjer at pasienten må få meir omfattande behandling, til dømes meir omfattande operasjon, strålebehandling og cellegift. Om dette har ført til at ein har hatt eller vil få, eit økonomisk tap, vil det gi rett til erstatning.

Kva har forseinkinga å seie?
I mange av sakene der det er forseinka diagnose av kreft, er det viktig å sjå på om forseinkinga har spelt noka rolle for utviklinga av sjukdomen. Har forseinkinga ført til ein forverra prognose?

Om pasienten har ein kreftsjukdom som ikkje kan lækjast, må vi òg ta stilling til om dette mest sannsynleg skuldast forseinkinga av kreftdiagnosen, eller om situasjonen mest sannsynleg ville vore den same uansett.

Dødsfall
Kreft kan vere ein livstruande sjukdom som kan utvikle seg raskt. I nokre saker døyr pasienten medan vi behandlar saka, eller pasienten er allereie død når saka blir meldt til oss. I slike tilfelle vil det vere dei etterlatne (arvingane) som kan melde erstatningskravet til oss, eller tre inn i kravet etter at pasienten er død.

Sjå elles informasjon om kven som kan søkje erstatning, via lenka i boksen til høgre. Les òg om konkrete, anonymiserte saker i  eksempelsamlinga vår.