Ofte stilte spørsmål - erstatning etter korona

Skriv ut Bokmål | English | 3. juli 2020

Kva dekkjer erstatninga ved koronasmitte?

For å ha rett til erstatning må det økonomiske tapet ditt vere minst 10 000 kroner. Ved lågare sum kan du ta kontakt direkte med behandlingsstaden.

Du vil hovudsakleg få dekt ekstra utgifter som du har fått på grunn av smitten/sjukdomsperioden. Du kan òg få dekt inntektstap og varige mein du har fått i samband med å ha blitt smitta. 

Ved dødsfall vil ein erstatning hovudsakleg dekkje utgifter til gravferd og andre utgifter dei etterlatne har hatt i samand med dødsfallet.

Utrekninga av erstatningen er individuell og byggjer på dei faktiske konsekvensane smitten har hatt.

Les om korleis vi reknar ut erstatningssummen.

Eg blei smitta med korona i helsestellet (til dømes sjukehus, heimesjukepleie, sjukeheim og andre helse- og omsorgsinstitusjonar). Kan eg få erstatning for det?

Du har den same retten ved smitte av korona, som du har elles ved smitte og infeksjon i helsestellet. Det vil seie at du ikkje treng å prove at det var svikt i rutinar eller behandling som var årsak til smitten. Men, det må vere meir enn 50 prosent sannsynleg at du blei påført smitten i helsestellet, for at du skal få erstatning. Vi innhentar den nødvendige dokumentasjonen for å vurdere dette.

Operasjonen/behandlinga mi er blitt utsett på grunn av korona og eg meiner det har forverra sjukdomen min. Kan eg få erstatning for det?

Om behovet for behandling ikkje var akutt og utsetjinga var i tråd med dei retningslinjene helsetenesta har fått frå styresmaktene i samband med korona, vil du ikkje ha rett til erstatning.

Operasjonen/behandlinga mi er blitt utsett på grunn av korona og eg har difor valt å bli behandla privat. Kan eg få erstatning for det?

Om behovet for behandling ikkje var akutt og utsetjinga var i tråd med dei retningslinjene helsetenesta har fått frå styresmaktene i samband med korona, vil du ikkje ha rett til erstatning. 

Kva nivå på den medisinske behandlinga kan vi forvente i ein situasjon med korona?

Når vi vurderer eit erstatningskrav tek vi omsyn til dei omstenda behandlinga har skjedd under. I koronasituasjonen kan helsetenesta oppleve mangel på utstyr eller mangel på personale på grunn av beredskapssituasjonen. Det vil kunne bety at det ikkje er mogleg å følgje opp alle pasientar like godt som i ein normalsituasjon. Dette vil kunne påverke om du har rett til erstatning eller ikkje.

Kan behandlingsstaden berre seie dei mangla ressursar, og så avslår de søknaden min?

Nei, vi vil alltid vurdere den konkrete saka og få dokumentasjon frå behandlingsstadene. Vi innhentar informasjon som gir oss nok kunnskap om ressurssituasjonen til å behandle saka.

Eg fekk ein skade etter behandling under koronapandemien. Kan eg få erstatning?

Du har som utgangspunkt same høve til å få erstatning som før pandemien, om behandlinga ikkje har vore påverka av koronasituasjonen. Det kan til dømes vere avdelingar på sjukehus som har fungert som normalt, uavhengig av pandemien. Om du meiner at du har fått ein skade, kan du søkje erstatning på vanleg måte. 

Eg har søkt om erstatning for ein skade som har skjedd før korona kom til Noreg. Kva skjer med saka mi?

Saksbehandlinga vår går i utgangspunktet som normalt. Det einaste det kan ha å seie for saka di er at vi kanskje må vente litt lenger på å få journal og annan dokumentasjon frå behandlingsstaden. Det kan òg vere lenger ventetid om du må til spesialist for å få vurdert konsekvensane av skaden.