Erstatningskrav på grunn av koronavaksinane – nordisk samarbeid

Dei nordiske landa deler erfaring og kunnskap om vaksineskadar og forhold som får noko å seie for behandling av erstatningskrav etter koronavaksinen. Fagpersonar frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland samarbeider. 

Skriv ut Bokmål | English | 23. april 2021

-Vi må vite så mykje som mogleg om kva biverknader vaksinane kan gi, for å behandle søknader om erstatning på ein rask og god måte.  Difor er det viktig å utveksle kunnskap og erfaringar som dei gjer i nabolanda våre, seier Rolf Gunnar Jørstad, direktør i Norsk pasientskadeerstatning.

Gode erstatningsordningar

Koronapandemien har ramma alle hardt. I dei nordiske landa er det gode erstatningsordningar for pasientskadar og det er eit godt, etablert samarbeid mellom landa. Det kjem til nytte i ein situasjon med pandemi.

Risiko for biverknader

Alle vaksinar har ein risiko for biverknader, dei fleste er milde og forbigåande. Vaksineringa mot korona pågår for fullt og blir trappa opp i takt med auka tilgjengelege vaksinedosar. 

Innanfor det nordiske samarbeidet ser ein på talet vaksinerte, kva biverknader som blir melde, talet erstatningssøknader og spesielle problemstillingar. Det er særleg nyttig å dele erfaringar frå andre land og vitskapelege artiklar.

NPE behandlar erstatningskrav som gjeld skadar etter alle vaksinar i Noreg, òg koronavaksinen.

Les meir om kva som skal til for å få erstatning etter vaksineskadar, og korleis ein søkjer.

Om det nordiske samarbeidet

Karen-Inger Bast, direktør for Patienterstatningen i Danmark:

«Erstatningsordningane våre liknar ikkje kvarandre til punkt og prikke, men vi kan hjelpe kvarandre med viten og erfaringar. Det vil til sjuande og sist gi betre avgjerder i framtidige erstatningssaker.»

Robert Ström, direktør for Läkemedelsförsäkringen i Sverige:

«Ein felles kunnskap og erfaringsutveksling kan bidra til betre handtering av erstatning for dei skadane som kan oppstå etter den viktige og omfattande vaksineringa.»