Erstatning etter koronavaksine 2021

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har fått inn nærare 300 søknader om erstatning i samband med koronavaksinar.
Førebels er 46 saker avgjorde, og over 1,1 million kroner utbetalt i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 8. februar 2022

Ifølgje Legemiddelverket er det sett over 10,2 mill. dosar koronavaksinar og det er rapportert inn opp mot 49 000 tilfelle av mistenkte biverknader.

- Sett opp mot desse tala kan vi heldigvis seie at det er et ganske lite tal personar som har søkt erstatning på grunn av biverknadsskadar, om lag 300. Når det er sagt er det viktig å ta vare på dei som har fått alvorlege plager og biverknader. Koronavaksinane er omfatta av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, noko som gir eit ekstra sterkt rettsleg vern for erstatning ved skade, seier direktør i NPE, Rolf Gunnar Jørstad.

46 erstatningssøkjarar har fått svar

Førebels har 14 erstatningssøkjarar fått ja på søknad om erstatning. Utgreiinga viser at biverknadsskadane i desse tilfella kan skuldast vaksinen og gjeld mellom anna betennelse i hjartet, blodpropp, kraftig hovudverk og utmatting, kløande utslett, mellombels lamming og allergisk reaksjon.

Fire av medhalda gjeld VITT (Vaksineindusert immun trombotisk trombocytopeni), som er den biverknadsskaden som har ført til dei mest alvorlege skadane og dei største erstatningssummane. Det er sjeldne tilfelle der immunforsvaret i kroppen får ein spesiell reaksjon og dannar blodproppar og låge blodplater. I to av dei fire sakene førte det til at personen døydde.

I 15 av sakene har søkjar fått avslag fordi plagene mest sannsynleg ikkje skuldast vaksinen, at plagene er forbigåande eller at erstatningssøkjar ikkje har hatt eit økonomisk tap. Desse sakene gjeld i hovudsak blodpropp, smerter, trøyttleik, feberkjensle, svimling og redusert almenntilstand.

17 saker er lagde bort fordi erstatningssøkjar har trekt saka, eller ikkje har gitt alle opplysingane NPE treng for å behandle saka.

Forsking og samarbeid

- Vi må vite så mykje som mogleg om kva for biverknader vaksinane kan gi, for å behandle søknader om erstatning på ein rask og god måte, seier Jørstad.

Det føregår mykje forsking i verda for å sjå på årsakssamanheng mellom koronavaksinane og innrapporterte biverknader. NPE følgjer med på dette og i nokre tilfelle vil det ta tid før ein kan fastslå om plagene kan skuldast vaksinen, eller om dei skuldast andre forhold.

- I desse sakene er jussen klar. Den største utmaninga er at det førebels ikkje finst nok medisinsk kunnskap om alle biverknasskadar som kan skuldast vaksinen. Det gjer at vi må forvente å bruke noko tid på å få gitt svar i alle sakene. I nokre tilfelle kan det hende at vi må sjå på sakene på nytt, når vi får ny medisinsk kunnskap, seier Jørstad.

Utbetalt erstatning

I dei sakene der det er grunnlag for å gi erstatning, dekkjer NPE utgifter og tap erstatningssøkjarane har hatt som følgje av biverknadsskaden. Førebels er det utbetalt i overkant av 1,1 millionar kroner totalt.

Summane varierer frå tusen kroner, til fleire hundre tusen. Utbetalingane gjeld i all hovudsak Astra Zeneca-vaksinen. Dei store summane er i VITT‑sakene, der forsørgjartap og tapt arbeidsinntekt utgjer ein stor del av erstatninga. AstraZeneca-vaksinen blei teken ut av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet i 2021.

Erstatning etter koronavaksine

Dei fleste biverknadene etter koronavaksinane er milde og går over i løpet av kort tid. Slike forbigåande biverknader vil som oftast ikkje gi rett til erstatning fordi dei ikkje har gitt noko økonomisk tap eller varig skade.

Les meir her.