Får erstatning etter koronasmitte på sjukeheim og sjukehus

Pårørande etter 83 pasientar som døydde etter koronasmitte på sjukeheim og sjukehus har fått erstatning. Talet vil auke etter kvart som andre pasientar og pårørande òg får svar på krava sine.

Skriv ut Bokmål | English | 27. april 2021

Erstatningssakene dreier seg om bebuarar ved sjukeheimar og pasientar på sjukehus som blei smitta då dei fekk behandling eller pleie av helsevesenet og som difor har krav på erstatning.

Erstatninga skal, der bebuaren/pasienten er død, dekkje utgifter til gravferda og eventuelt for tap av forsørgjar. I snitt har etterlatne fått 64.000 kroner og den største enkeltsummen til no er på 230 000 kroner. I saker der den smitta overlever og sjølv søkjer erstatning, skal erstatninga dekkje økonomisk tap og eventuell varig skade som gir rett til erstatning for tapt livskvalitet, òg kalla meinerstatning.

Sjukeheim

- Dei fleste som kontaktar oss har mista mor eller far som var i kommunal pleie. Det er ikkje snakk om store summar, men etterlatne fortel oss at erstatningsutbetalinga likevel er viktig for dei, sier Rolf Gunnar Jørstad, som er direktør i Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Sjukehus

Sjukehuspasientar har òg blitt smitta av korona medan dei har vore innlagde for heilt andre lidingar. Så langt i pandemien har NPE gitt erstatning i åtte slike saker, medan ni framleis er under behandling. Dei fleste krava har kome frå pårørande etter dødsfall, men òg frå pasientar som overlevde smitten.

- Det er grunn til å tru at langt fleire er smitta på sjukehus enn dei som har søkt om erstatning. Vi må vere sikre på at pasientar og etterlatne får den informasjonen dei har krav på av helsetenesta, seier Jørstad.

Brev til helseføretak

Difor har NPE nå kontakta dei fire regionale helseføretaka for å minne om at pasientar som er smitta med korona på sjukehus og etterlatne får vite om erstatningsordninga.

På slutten av fjoråret blei ei liknande påminning send til KS i samband med koronautbrot på sjukeheim. I tida etterpå opplevde NPE ei kraftig auke i talet på søknader frå etterlatne etter eldre i kommunal pleie. Dei aller fleste får ja på søknaden om erstatning.

Tala

Sjukeheim: 140 søknader om erstatning etter koronasmitte. 75 av dei har fått medhald, eitt avslag og 64 ventar på svar.

Sjukehus: 20 søknader om erstatning etter koronasmitte. Åtte av dei har fått medhald, fem avslag og sju ventar på svar. I tillegg behandlar vi ein søknad om erstatning etter mogleg koronasmitte på eit legesenter.