Gir erstatning etter AstraZeneca-vaksine

77 personar har kravd erstatning for biverknader av koronavaksinen. No har dei tre fyrste erstatningssøkjarane fått medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 13. juli 2021

Alle tre som til no har fått medhald hadde fått AstraZeneca-vaksinen, som kort tid etterpå blei teken ut av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet på grunn av fleire tilfelle av svært alvorlege biverknader.

Vaksinen årsak til biverknader

- Vurderinga vår er at vaksinen var årsaka til dei alvorlege biverknadene nokre personar har fått. Vi har god medisinsk informasjon i dei aktuelle sakene, mellom anna forskingsmaterialet som Rikshospitalet har gjort om desse veldig spesielle immunreaksjonane. Difor gir vi søkjarane medhald, og vil no rekne ut storleiken på erstatninga, seier Rolf Gunnar Jørstad, direktør i NPE.

Erstatningssøkjarane får dekt økonomisk tap skaden har ført til, og eventuelt erstatning for varig skade. Ved dødsfall dekkjer vi utgifter i samband med gravferda og tap av forsørgjar i ein omstillingsperiode.

- Skremmande oppleving

To kvinnelege helsearbeidarar blei i mars innlagde på sjukehus med alvorlege tilfelle av blodpropp og nedsett tal blodplater i blodet. Ei av dei døydde eit par veker seinare. Ein mann slit framleis med store etterverknader etter eit liknande sjukdomsforløp.

- Eg blei innlagd med store smerter. Det var skremmande å følgje med på nyhenda om andre som nettopp hadde døydd av same vaksine eg hadde fått, seier han på telefon frå Rikshospitalet.

Både han og den kvinnelege helsearbeidaren, båe i 30-åra, understrekar at folk må ta vaksinen slik helsemynda tilrår.

- Eg fekk alvorleg hjernebløding og blodpropp. På sjukehuset fekk eg mange telefonar frå vener og familie som lurte på om eg framleis var i live, seier kvinna. Båe er framleis sjukmelde og usikre på kor langvarige vaksineskadane blir.

Dei to som overlevde og pårørande etter helsearbeidaren er dei fyrste som får erstatning for vaksineskadar i samband med covid-19-pandemien i Noreg. Alle tre fekk AstraZeneca-vaksinen.

77 krev erstatning

NPE har motteke 77 søknader om erstatning for biverknader av koronavaksine. 53 av dei fekk AstraZeneca-vaksinen, elleve fekk Pfizer og seks fekk Moderna. I sju av sakene er det framleis uavklart kva for ein vaksine som blei gitt.

Åtte av dei 77 sakene gjeld dødsfall: Fire av dei fekk AstraZeneca, ein Moderna, to Pfizer og i to av sakene er det framleis uavklart kva for ein vaksine dei avdøde hadde fått.

Dei tre yngste var helsearbeidarar i 30- og 40-åra og fekk AstraZeneca-vaksine, medan dei fire andre var eldre menneske som fekk anten Moderna, Pfizer eller ein annan vaksine.

- Vi har altså teke stilling til samanhengen mellom vaksinen og dødsfallet i ei av dei åtte sakene, og jobbar no med å avklare mogleg samanheng i dei andre sju sakene, seier Jørstad i NPE.

Vanlege biverknader

Dei vanlegaste biverknadene som blir skildra er svimling, utmatting, hovudverk og smerter. Andre fortel om blødande magesår, krampar, utslett, spasmar, lamming, anafylaktisk reaksjon, blodpropp og nedsett tal blodplater.

- Det er ubehageleg å få biverknader av vaksinar. Når det endar med dødsfall, er det tragisk for alle og sjølvsagt svært tungt for dei etterlatne. Fordi vi veit at ventetida kan vere vanskeleg for mange, jobbar vi så raskt som mogleg med å gi svar på søknadene, seier Jørstad.

Alle vaksinar har risiko for biverknader. Dei fleste biverknadene etter koronavaksinane er milde og går over i løpet av kort tid. Slike forbigåande biverknader vil som oftast ikkje gi rett til erstatning fordi kravet til økonomisk tap eller varig skade ikkje er oppfylt.

Les meir om korleis du søkjer erstatning her.

 

Les meir om utrekning av erstatning her:

Kva dekkjer erstatninga?

Slik reknar vi ut erstatninga di