Har krav på erstatning etter koronadødsfall på sjukeheim

Eldre har rett til erstatning dersom dei blir koronasmitta på sjukeheim. Norsk pasientskadeerstatning (NPE) gir no erstatning til etterlatne etter eit slikt dødsfall.

Skriv ut Bokmål | English | 8. desember 2020

- Pengar kan ikkje erstatte tap av liv eller sorga dei etterlatne opplever. Det vi kan bidra med er å dekkje utgifter dei har i samband med dødsfall der eldre har blitt smitta på institusjon, seier Rolf Gunnar Jørstad, direktør i NPE.

Ei rekkje av dei eldre som bur på kommunale institusjonar har blitt smitta av korona. Til no har vel halvparten av dødsfalla i Noreg skjedd på anten sjukeheim eller omsorgsheim.

Hjørdis Rognås døydde av korona

Ei av dei var Hjørdis Rognås frå Nord-Aurdal, som døydde 24. mars etter å ha blitt smitta på omsorgsbustaden der ho budde.

NPE har no sagt ja til å gi dei etterlatne etter 90-åringen erstatning. Det tyder at gravferda og andre utgifter i samband med dødsfallet blir dekte.

Wenche Rognås er dottera til Hjørdis Rognås, og ho sende søknad om pasientskadeerstatning til NPE etter at mora var død.

– Mor sovna inn heilt åleine, og det gjer framleis vondt at vi ikkje fekk teke eit ordentleg farvel. Det er krevjande å starte ein erstatningsprosess i ein slik situasjon, når sorga og saknet tyngjer. Men det var ein lette å få beskjeden frå Norsk pasientskadeerstatning om at vi har krav på erstatning. For familien ligg mykje trøyst i å vite at vi har vunne fram med saka vår og dette er ein symbolsk viktig seier, seier Wenche Rognås.

NPE kontaktar kommunane

Kjennskapen til høvet om å søkje om erstatning med koronasmitte kan variere. Difor har Jørstad no sendt brev (pdf) til KS (organisasjonen til kommunesektoren) med informasjon om kva rettar dei eldre på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har.

2014_RGJ1_320.jpg

Rolf Gunnar Jørstad er direktør i Norsk pasientskadeerstatning.

Bebuarar og/eller etterlatne ved dødsfall har ifølgje pasientskadelova krav på erstatning dersom det er sannsynleg at smitten oppstod på institusjonen. Dette omfattar òg dei som bur i privat pleie der drifta blir dekt over kommunale budsjett og tildeling av plassar er likestilte med andre kommunale institusjonar.

Gi informasjon!

- Eg oppmodar helsepersonell som er i kontakt med pårørande og etterlatne om å informere om høvet til å søkje erstatning frå NPE etter koronasmitte på sjukeheim. Vi vil strekkje oss langt for å behandle desse sakene så raskt som mogleg, seier Jørstad.

Erstatninga vil dekkje ekstra utgifter bebuarar har hatt på grunn av smitten og sjukdomsperioden. Ved dødsfall blir typisk utgifter i samband med gravferda dekte, noko som ofte kan koste rundt 50 000 kroner.

Til no har 14 pasientar og pårørande søkt om erstatning relatert til koronaepidemien. To har fått medhald og to har fått avslag, medan dei fleste framleis ventar på svar. Krava dreier seg om alt frå tap av personlege eigedelar til utsett eller mangelfull behandling på grunn av at koronapasientar har gått føre - og altså den fyrste erstatninga på grunn av dødsfall etter smitte.