Sju har søkt erstatning etter koronavaksine

Sakene gjeld biverknader av forskjellig alvorgrad. Det spenner frå hovudverk, smerter og svimling til blodpropp og dødsfall.

Skriv ut Bokmål | English | 22. april 2021

- Til no har seks kvinner og ein mann søkt om erstatning etter å ha teke koronavaksine. Dei er mellom 40 og 89 år. Tre av dei døydde og der søkjer dei etterlatne om erstatning, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad i Norsk pasientskadeerstatning.

Biverknader

Ein av erstatningssøkjarane fekk AstraZeneca-vaksinen og ein annan BioNTech/Pfizer. I dei fem andre sakene er det enno ikkje avklart kva for ein vaksine som blei brukt.

- Dei skildrar biverknader som svimling, hovudverk, smerter, blodpropp og psykisk belasting etter å ha teke koronavaksine, seier Jørstad.  

Koronavaksinane inngår i det nasjonale vaksinasjonsprogrammet. For å ha rett til erstatning må koronavaksinen kunne vere årsak til skaden, samtidig som det ikkje finst éi eller fleire andre meir sannsynlege årsaker. Det er vidare eit krav at erstatningssøkjaren har eit økonomisk tap på minst 10 000 kroner som følgje av skaden eller har blitt ramma av ein varig skade av eit visst omfang.

Risiko for biverknader

Alle vaksinar har risiko for biverknader. Dei fleste biverknadene etter koronavaksinane er milde og går over i løpet av kort tid. Slike forbigåande biverknader vil som oftast ikkje gi rett til erstatning fordi kravet til økonomisk tap eller varig skade ikkje er oppfylt.

Les meir om biverknader på nettsidene til Legemiddelverket.

- Det er viktig at alle som trur dei har fått ein skade etter å ha fått koronavaksine kjenner til høvet til å søkje erstatning. Nokre av sakene vil vere enkle å behandle, medan andre vil vere meir krevjande. Vi er uansett opptekne av å gi erstatningssøkjarane svar så snart som mogleg, seier Jørstad.

Les meir om korleis du søkjer erstatning her.

Les meir om utreknng av erstatning her:

Kva dekkjer erstatninga?   

Slik reknar vi ut erstatninga di