Sjukehuspasientar kan ha rett til erstatning ved koronasmitte utan å vite det

Pasientar som var innlagde for heilt andre lidingar har blitt smitta med korona på sjukehus. Nokre av dei har gått bort. 

Skriv ut Bokmål | English | 2. februar 2021

Av direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Mange følgde oppmodinga då vi gjekk ut med informasjon om at etterlatne kan ha krav på erstatning etter koronadødsfall på sjukeheim. Men  sjukehuspasientar kan òg ha rett til erstatning ved koronasmitte utan å vite det.

Les meir: Ofte stilte spørsmål – erstatning etter korona

Under pandemien har det vore mykje merksemd rundt virusspreiing heime, på private arrangement og i helse- og omsorgsinstitusjonar. I det siste har det vore eit aukande søkjelys på at sjukehuspasientar òg blir ramma.

Koronasmitte kan overførast frå mellom anna helsepersonell, andre pasientar og gjennom medisinsk utstyr. Mange er truleg ikkje klar over at dei har rett til erstatning når dette skjer.  

Erstatning òg til etterlatne

Erstatninga skal dekkje mellom anna inntektstap og varige mein pasientar får i samband med å ha blitt smitta. Ved dødsfall dekkjer vi utgifter til gravferd og eventuelt òg for tap av forsørgjar. 

Les meir: Kva dekkjer erstatninga?

For dette er klart: Pasientar eller deira etterlatne har rett til erstatning. Føresetnaden er at det er sannsynleg at pasienten blei smitta på sjukehus og at dødsfallet heng saman med smitten.

Det er ikkje nødvendig å prove at sjukehuset ikkje har følgt retningslinjene eller ikkje hadde gode nok smittevernfaglege tiltak. Terskelen for å bli tilkjend erstatning er lågare ved koronasmitte enn ved mellom anna feilbehandling på sjukehus.

Smittekjelder på sjukehus

Talet erstatningskrav til no er låge. Det indikerer at norske sjukehus har vore flinke til å unngå smitte av pasientar under opphald på sjukehus og at det i all hovudsak er trygt å vere innlagd på sjukehus i Noreg. Samtidig kan det vere fleire – både pasientar og etterlatne - som ikkje har søkt om erstatning enno fordi rettane deira ikkje er godt nok kjende.

Til no har 75 personar søkt om erstatning på grunn av korona. Dei fleste kjem frå etterlatne etter pasientar og bebuarar som døydde etter å ha blitt smitta med korona på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.

Dei etterlatne tok kontakt med oss etter at media fortalde om retten til å få erstatning. Det viser kor viktig det er å nå ut med informasjon – òg til pasientar på sjukehus.

Les meir: Søkje erstatning?