Pandemrix og ME

Vi får framleis erstatningskrav frå pasientar som meiner at dei har fått ME (myalgisk encefalopati) etter svineinfluensavaksinen Pandemrix. Det er så langt ingen medisinske studiar som viser ein større førekomst av ME-sjuke mellom dei som har fått vaksinen.

Skriv ut Bokmål | English | 22. januar 2021

Mange har søkt erstatning

Fram til mars i år har NPE motteke 188 erstatningskrav som handlar om ME etter influensavaksinen Pandemrix. Det er gitt medhald i to saker og 130 saker er avslegne. Fleire er framleis ikkje ferdig utgreidde, og 42 saker er under klagebehandling i Pasientskadenemnda.

Kvifor får mange avslag?

Mange av krava er avslegne fordi symptom på sjukdom har starta før vaksinasjonen, eller for lang tid etter. I nokre saker er det andre meir sannsynlege årsaker, som til dømes kyssesjuke eller andre infeksjonar.

Tilrådd vaksine

Vaksinen blei tilrådd av helsemynda. Difor vurderer vi erstatningskrava etter ein spesiell bevisregel, der terskelen for å få medhald er lågare enn i andre erstatningssaker.

Utgangspunktet er at ein har krav på erstatning om vaksinen kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst ein eller fleire andre meir sannsynlege årsaker. Det krevst meir enn berre ei teoretisk moglegheit for at vaksinen kan forårsake ein påstått skade. Det er vi som eventuelt må sannsynleggjere at skaden skuldast andre årsaker.

Kan Pandemrix forårsake ME?

ME er ein sjukdom som gjer at pasienten blir fysisk og mentalt utmatta. Tilstanden blir forverra ved aktivitet. Det er framleis mykje ein ikkje veit om årsakene til at nokon utviklar ME, men ein trur at det er fleire faktorar som spelar inn. Ein meiner at ME skuldast eit samspel mellom biologiske og psykososiale faktorar.

Så langt ligg det ikkje føre nokon medisinske studiar som viser ein større førekomst av ME-sjuke mellom dei som blei vaksinerte med Pandemrix, slik ein har sett hjå pasientar som har utvikla narkolepsi.

Individuell vurdering av erstatningskrav

Vi har altså ikkje data som tyder på ein samanheng mellom vaksinen og ME. Likevel behandlar vi alle enkeltsaker individuelt, for å vurdere om det kan vere ein samanheng i det konkrete tilfellet.

Om ein til dømes har vore frisk før vaksinen blei sett og det oppstår tydelege symptom og plager kort tid etter vaksinasjonen, vil du i nokre tilfelle kunne ha rett til erstatning.