Svineinfluensavaksinen Pandemrix: Mange medhald og store utbetalingar

NPE held fram å behandle saker som gjeld svineinfluensavaksinen Pandemrix. Til no har 101 personar blitt tilkjende erstatning, og det er utbetalt totalt 174 millionar kroner. – Desse talla viser kor viktig det er at vi har ei ordning som gir økonomisk kompensasjon når ein har fått ein sjukdom eller skade etter vaksineringa, seier avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker.
 

Skriv ut Bokmål | English | 22. januar 2021

Forventar framleis utbetalingar

Fleire av dei 101 sakene der personar har fått medhald, er ikkje ferdigbehandla når det gjeld å fastsetje endeleg erstatningssum. Det kan òg vere saker som ikkje er ferdigbehandla der erstatningssøkjaren vil få medhald. – Vi reknar med at erstatningssummen totalt i desse sakene vil halde fram å auke, seier Gulaker. Vi blir ikkje overraska over om erstatningane etter vaksinen totalt går over 200 millionar kroner i løpet av 2015, seier Gulaker vidare.

104 uavklarte saker

NPE har no motteke totalt 570 saker som gjeld svineinfluensavaksinen Pandemrix. Av desse sakene er det gitt 101 medhald og 338 avslag. 27 saker er avviste eller lagde bort, og 104 saker er framleis under behandling.

Gulaker utelukkar ikkje at det kan kome fleire medhald i dei sakene som framleis er under behandling: - Vi gjer ei grundig vurdering av kvar enkelt sak, og det kan vere at det kjem medhald i nokre av desse sakene etter kvart som dei blir ferdigbehandla, seier ho. – Fleire medhald vil òg kunne påverke kor mykje NPE totalt utbetalar i erstatningar etteer svininfluensavaksinen, seier Gulaker.

Flest med narkolepsi

Av dei 101 sakene der erstatningssøkjaren har fått medhald, gjeld 71 saker born og unge, og 30 saker gjeld vaksne over 19 år.

Når det gjeld sakene der born og unge har fått medhald, er det 70 stykke som har fått narkolepsi etter vaksinen. Eit barn har fått betennelse i ryggmargen etter vaksinen.

Av sakene som gjeld vaksne, er det 11 vaksne som har fått narkolepsi etter vaksinen. Fire personar har fått nerveskadar eller infeksjon etter sprøytestikket. Dei anddre har fått medhald i at dei har fått ulike nevrologiske lidingar og betennelsestilstandar etter vaksinen. To personar har fått ME etter vaksinen.

Avslag når plagene ikkje skuldast vaksinen

NPE har gitt avslag i 338 saker fordi vi har kome fram til at plagene ikkje skuldast vaksinen.

27 saker er avviste eller lagde bort. Desse sakene dreier seg stort sett om at det ikkje er økonomisk tap i samband med ein eventuell skade (ein må ha eit økonomisk tap over 5 000 kroner eller eit varig mein over 15 prosent for å kunne få erstatning).