Vaksine mot svineinfluensa: NPE opnar gamle saker for ny vurdering

Ny kunnskap viser at vaksne kan utvikle narkolepsi så seint som inntil to år etter å ha fått svineinfluensavaksinen Pandemrix. Tidlegare har vi lagt til grunn at vaksne som utviklar narkolepsi etter å ha blitt vaksinert, får symptom innan åtte månader. 
 

Skriv ut Bokmål | English | 22. januar 2021

– Vi endrar difor no praksisen vår, og går på nytt gjennom alle sakene der vaksne har fått avslag fordi symptoma på narkolepsi har oppstått etter åtte månader, seier avdelingsdirektør i NPE, Gorm Are Grammeltvedt.

Ny kunnskap får konsekvensar for saker som er under behandling

NPE har god kontakt med erstatningsordningane i dei andre nordiske landa og følgjer utviklinga på vaksineområdet tett.  

Den svenske erstatningsordninga for legemiddelskadar gir no erstatning i saker der erstatningssøkjar har fått symptom på narkolepsi inntil to år etter vaksineringa (sjå faktaboks).

- Vi endrar no praksisen vår og tek utgangspunkt i at symptoma kan starte seinare enn det vi har lagt til grunn tidlegare, seier Grammeltvedt.

Ny gjennomgang av tidlegare avgjorde saker

- Vi har gått gjennom alle sakene vi har behandla der vaksne har fått avslag fordi symptoma på narkolepsi har oppstått etter åtte månader. Vi vil no vurdere på nytt sakene der symptoma starta seinare enn åtte månader, seier Grammeltvedt.

Det dreier seg om få saker og dei personane dette gjeld, vil bli kontakta av NPE.

Saker som gjeld barn

Denne endringa får elles ingen konsekvensar for saker som gjeld narkolepsi hos barn. I desse sakene er det i lang tid lagt til grunn at symptoma kan starte inntil to år etter at vaksinen er teken.