Vaksineskade

NPE behandlar erstatningskrav som gjeld biverknadsskadar etter vaksinasjon.

Skriv ut Bokmål | English | 20. juni 2019

Om vaksinasjon
Vaksinasjon er førebyggjande behandling mot smittsame sjukdomar. Dei fleste vaksinane blir tekne etter tilråding frå helsestyresmaktene, men det finst òg ei rekkje frivillige vaksinar ein kan ta, til dømes i samband med reiser.

Vaksinar gir normalt få biverknader. Om dei oppstår, er dei gjerne små og av forbigåande karakter. I sjeldne tilfelle kan det oppstå meir alvorlege biverknadsskadar som kan gi rett til erstatning.

Erstatning etter vaksineskadar
Når det gjeld vaksineskadar generelt, er utgangspunktet at du har krav på erstatning om vaksinen mest sannsynleg har forårsaka ein skade.

Dette er ein regel som gir deg rett til erstatning uavhengig av om det er noko gale med vaksinen eller om det ligg føre svikt ved gjennomføringa av vaksinasjonen.

For å finne svar på om vaksinen har forårsaka ein skade, nyttar vi mellom anna sakkunnige spesialistar innanfor vaksinefeltet, nevrologi, infeksjonssjukdomar og indremedisin.

I desse sakene gjeld dei same krava til samanheng mellom skade og behandling som i  pasientskadesaker elles.

Eksempel på vaksinar som blir behandla etter denne regelen er dei du tek frivillig. Det kan vere vaksine ved forretnings- og turistreiser, vaksine mot skogflått og rabies m.m.

Vaksinar som inngår i det nasjonale vaksinasjonsprogrammet 
Styresmaktene ynskjer at folkesetnaden skal la seg vaksinere, for å unngå spreiing av smittsame sjukdomar. Staten har difor laga eit nasjonalt vaksinasjonsprogram, som han er ansvarleg for.

Vaksinar som inngår i dette programmet, er såkalla tilrådde vaksinar, i samsvar med pasientskadelova. Per i dag omfattar dette

  • barnevaksinasjonar
  • vaksinasjonar mot sesonginfluensa for særskilde risikogrupper
  • vaksinasjonar mot pandemisk influensa

For desse vaksinane gjeld det eigne årsaks- og bevisreglar ved behandlinga av erstatningskrav. Du har krav på erstatning når vaksinen kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst ei eller fleire andre meir sannsynlege årsaker.

Eksempel på dette er vaksine mot difteri, kikhoste, meslingar, raude hundar, livmorhalskreft (HPV-vaksine), sesonginfluensa for særlege risikogrupper og svineinfluensa (pandemivaksinen).

Du kan lese meir om det nasjonale vaksinasjonsprogrammet og informasjon om vaksinar på nettsidene til Folkehelseinstituttet.