Betaling for dokument i pasientskadesaker

NPE treng journalopplysingar og annan dokumentasjon frå behandlingsstadene, for å vurdere den behandlinga pasienten har fått. I dei fleste tilfella betalar vi ikkje for utgiftene til å sende oss dokumentasjonen, men det finst nokre unnatak.

Skriv ut Bokmål | English | 3. juli 2020

NPE er ein statleg etat som kan innhente dei opplysingane frå andre offentlege instansar, som er nødvendige for at vi skal få utført dei lovpålagde oppgåvene våre. Dette har vore ei forståing mellom sjukehuseigarane, kommunehelsetenesta og NPE sidan ordninga starta i 1988. Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert dette ved fleire høve. 

Behandlingsstader det er klaga på
Vi dekkjer ikkje utgifter til behandlingsstader det er klaga på. Dette gjeld til dømes kostnader behandlingsstadene har med å kopiere og sende oss journalopplysingar, gjere ei meinvurdering eller gi oss annan dokumentasjon.

Behandlingsstader det ikkje er klaga på
Vi har òg krav på kopi av journalar utan kostnader frå behandlingsstader i den offentlege helsetenesta. 

Vi betalar for opplysingar i nokre tilfelle
Vi betalar 500 kroner for utlevering av journalopplysingar frå helsepersonell som driv privat praksis, og som det ikkje er klaga på i saka. Dette kan til dømes gjelde fastlegar, fysioterapeutar, kiropraktorar m.fl. Beløpet inkluderer porto, ekspedisjons- og fakturagebyr. Dei må sende oss faktura for å få utbetalt beløpet.