Opplysingar frå behandlingsstaden

Vi treng relevante journalopplysingar frå behandlingsstaden som erstatningssøkjar klagar på. Det har mykje å seie for saksbehandlingstida at de sender dette så raskt som mogleg.

Skriv ut Bokmål | English | 3. juli 2020

Når vi tek imot ein søknad om erstatning held vi oss til den behandlingsstaden som er innklaga. Vi held oss som regel ikkje til den enkelte behandlaren som er, eller har vore, tilsett ved behandlingsstaden.

Det er viktig at de sender oss journal raskt. For å få opplyst saka best mogleg, vil vi òg gjerne ha ei vurdering frå behandlingsstaden av det søknaden handlar om.

Om vi ikkje får dokumentasjonen frå dykk, vil vi kunne behandle saka på grunnlag av framstillinga frå erstatningssøkjaren og dokumenta elles i saka. I praksis vil vi kunne gi erstatningssøkjar medhald i erstatningskravet utan opplysingar frå dykk.

Dokumentasjon frå behandlingsstaden hjelper oss til å gi erstatningssøkjaren eit raskt og rett svar.

Journalen har stor vekt i pasientskadesaker

Mangelfulle journalar er eit kjent problem i helsetenesta. I ein del tilfelle gir vi medhald i erstatningskrav på grunn av manglande dokumentasjon i saka.

Journalen vil alltid vege tungt i vurderinga av eit erstatningskrav, fordi dette er skriftleg dokumentasjon, nært i tid til den hendinga vi skal vurdere. Høgsterett har i fleire dommar sagt at journalar skal tilleggjast større vekt enn seinare uttalar i saka. Det skal sjølvsagt likevel alltid gjerast ei heilskapsvurdering, der alle prov skal gå inn i vurderinga.

-Vi ser diverre ein del varierande kvalitet på journalføringa i sakene som blir melde til oss. Det er òg nokre døme på at behandlingsstaden ikkje bidreg med journalar i det heile. Spørsmålet er då kva dette får å seie for vurderinga vår av erstatningssakene. Det er ikkje nødvendig med lange utgreiingar, men det må vere tilstrekkelege notat til at vi kan gjere ei vurdering i ettertid, seier seniorrådgivar Tore Grøtholm.

-Om journalen er mangelfull, eller manglar heilt, kan vi ikkje vurdere om behandlinga har vore i tråd med alminneleg god medisinsk praksis. Tvilen vil då kome erstatningssøkjaren til gode og vi vil ofte gi medhald, seier Grøtholm. 

Mangelfulle journalar gir alvorlege konsekvensar

-Nokre får medhald i erstatningssaka si på eit ufullstendig grunnlag og det er uheldig for behandlingsstaden. Men det viktigaste er likevel at det kan vere alvorlege konsekvensar for den behandlinga og oppfølginga desse pasientane får. I nokre tilfelle ser vi at det har skjedd både feil diagnostisering og feil medisinering av pasientane, fordi viktige opplysingar ikkje er førte inn i journalane, seier Ida Rashida Khan Bukholm, fagsjef for pasienttryggleik i NPE.

Alt helsepersonell er omfatta av journalforskrifta, som skildrar korleis helsepersonell skal føre journalar. Journalane bør mellom anna seie noko om

  • sjukehistoria (anamnesen) til pasienten 
  • behandlingsalternativ (kvifor blir éi behandling vald og ikkje ei anna, om det er fleire moglege alternativ)
  • behandling (dokumentasjon på korleis behandlinga er utført)
  • diagnostisering (grunnlaget for at ein diagnose blir stilt)
  • informasjon (forhold som er diskuterte med pasienten/informert samtykke, har dei fått vite om risiko for moglege komplikasjonar)

Det vesentlege er at journalen og eventuelle bilde, røntgenbilde, prøvesvar ol. gjer det mogleg å vurdere den behandlinga pasienten fekk.

Betaling for dokument i pasientskadesaker

NPE treng journalopplysingar og annan dokumentasjon frå behandlingsstadene, for å vurdere den behandlinga pasienten har fått. I dei fleste tilfella betalar vi ikkje for utgiftene til å sende oss dokumentasjonen, men det finst nokre unnatak.

NPE er ein statleg etat som kan innhente dei opplysingane frå andre offentlege instansar, som er nødvendige for at vi skal få utført dei lovpålagde oppgåvene våre. Dette har vore ei forståing mellom sjukehuseigarane, kommunehelsetenesta og NPE sidan ordninga starta i 1988. Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert dette ved fleire høve.

Behandlingsstader det er klaga på

Vi dekkjer ikkje utgifter til behandlingsstader det er klaga på. Dette gjeld til dømes kostnader behandlingsstadene har med å kopiere og sende oss journalopplysingar, gjere ei meinvurdering eller gi oss annan dokumentasjon.

Behandlingsstader det ikkje er klaga på

Vi har òg krav på kopi av journalar utan kostnader frå behandlingsstader i den offentlege helsetenesta.

Vi betalar for opplysingar i nokre tilfelle

Vi betalar 500 kroner for utlevering av journalopplysingar frå helsepersonell som driv privat praksis, og som det ikkje er klaga på i saka. Dette kan til dømes gjelde fastlegar, fysioterapeutar, kiropraktorar m.fl. Beløpet inkluderer porto, ekspedisjons- og fakturagebyr. Dei må sende oss faktura for å få utbetalt beløpet.