Klage på avgjerder i NPE

Behandlingsstadene får godt høve til å uttale seg undervegs i saka, men kan ikkje klage på det endelege vedtaket.

Skriv ut Bokmål | English | 5. mars 2019

Vi er merksame på at mange opplever førespurnader frå oss som brysame. Då er det viktig å hugse på at det ikkje er oppgåva vår å fordele skuld, men å vurdere om vilkåra for erstatning er til stades i ei skadesak.

Oppgåva vår er å utgreie erstatningskrav frå pasientar på ein nøytral måte. Vedtaka våre baserer seg i hovudsak på medisinske journalar og uttalar frå pasienten, behandlingsstaden og eksterne og interne sakkunnige.

Kan behandlingsstaden klage på avgjerder frå NPE?
Behandlingsstaden har ikkje høve til å klage på avgjerder fatta av NPE. Men behandlingsstaden har gode moglegheiter for å fremje synet sitt før vi fattar vedtak, gjennom journalar og å kommentere uttalar i skademeldinga til pasienten. I tillegg kan dei kommentere vurderinga frå medisinsk sakkunnig.

Derimot har pasienten høve til å klage. Klaga må rettast mot NPE. Om vi ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klaga vidare for behandling i Pasientskadenemnda (PSN). Helseklage er sekretariat for PSN og førebur saka. Det er ikkje høve til å bringe saka inn for domstolane før ho er blitt behandla av Pasientskadenemnda.

Kva er rolla til pasient- og brukarombodet?
Mange pasientar tek kontakt med pasient- og brukarombodet før dei sender erstatningskrav til NPE. Ofte får pasienten hjelp av pasient- og brukarombodet til å fylle ut søknadsskjemaet. I nokre tilfelle representerer pasient- og brukarombodet pasienten.