Kommunikasjon med pasienten

Korleis snakkar du med pasienten om erstatning ved ein pasientskade?

Skriv ut Bokmål | English | 2. oktober 2018

Stikkordet i alle samanhengar rundt pasientskadar er openheit. Du bør setje av god tid til ein samtale med pasienten og/eller pårørande.

Vi har sett opp fire enkle punkt som ein rettleiar for helsepersonell som skal snakke med pasientar om erstatning ved ein pasientskade:

1. Snakk med pasienten og fortel om moglegheita til å søkje erstatning hos NPE.

2. Fortel om moglegheita til å sjekke sjølv om det er grunnlag for å sende ein søknad om erstatning: Kan eg søkje erstatning for skaden min?

2. Overlat vurderinga av erstatningsspørsmålet til oss.

3. Gi pasienten brosjyre med kontaktinformasjon til oss. Du finn brosjyren til høgre på denne sida.

Du kan lese meir om kommunikasjon med pasienten ved å klikke på lenka i boksen til høgre som heiter "Brosjyre for helsepersonell".