Svarfrist for behandlingsstad

Behandlingsstadene har ein svarfrist på fem veker på førespurnader til NPE. Vi er opptekne av kort saksbehandlingstid. Raskt svar frå dykk hjelper oss med å få til dette.

Skriv ut Bokmål | English | 5. mars 2019

Det er viktig at vi får oversendt journal så raskt som mogleg. Vi ber òg om uttale frå behandlingsstadene, slik at de kan gi informasjon om kva de meiner har skjedd i saka.

Har vi ikkje teke imot dokumentasjonen innan fristen, vil vi kunne behandle saka på grunnlag av framstillinga frå erstatningssøkjaren og dokumenta elles i saka. I praksis vil vi kunne gi erstatningssøkjar medhald i erstatningskravet utan opplysingar frå dykk.

Dokumentasjon frå behandlingsstaden innan fristen hjelper oss til å gi erstatningssøkjaren eit raskt og rett svar.