Undersøking av samsvar mellom NPE-saker og saker i meldesystema til sjukehusa

I samarbeid med ei rekkje helseføretak har vi undersøkt kor stort samsvar det er mellom saker der pasienten har fått erstatning som følgje av svikt i behandlinga hjå NPE og saker som er melde i avvikssystema på sjukehusa. 

Skriv ut Bokmål | English | 21. januar 2020

Føremålet med kartlegginga er å finne ut om skadar som har fått medhald i NPE på grunn av svikt i behandlinga, finst som registrerte avvik i dei lokale meldingssystema. Vi har òg sett på om det eventuelt er nokon tendensar når det gjeld rapportering av avvik lokalt innan forskjellige fagområde/skadetypar. 

Ein digital versjon av rapporten kan du lese på lenka under. Du finn òg ein pdf-versjon du kan laste ned under "Bakgrunn og framgangsmåte".