Bakgrunn for den interne invaliditetstabellen

Skriv ut Bokmål | English | 22. mars 2018

Har erstatningssøkjaren fått ein varig skade, kan det vere grunnlag for meinerstatning. For å kunne rekne ut meinerstatninga, er det nødvendig å fastsetje storleiken på den medisinske invaliditeten. Grunnlaget for å gradere meinet er invaliditetstabellen i forskrifta om meinerstatning ved yrkesskade (FOR-1997-04-21-373).

NPE har erfart at denne tabellen ikkje alltid er dekkjande for skadar på pasientskadeområdet. Nokre tilstandar er ikkje omtalte i det heile. I desse tilfella kan det vere vanskeleg å finne eit relevant samanlikningsgrunnlag, slik forskrifta legg opp til. Det har i desse tilfella vore ei utfordring at meinvurderinga i for stor grad blir overlaten til skjønet den enkelte sakkunnige har. Dette kan ha ført til at skadar som i utgangspunktet er like, kan ha blitt vurderte ulikt.

- Difor har vi sett eit behov for å lage ein intern invaliditetstabell. I fyrste omgang har vi starta med eit par medisinske område der behovet for ein intern tabell har vore stort, seier avdelingsdirektør Mads Morten Nøjd.

I dette arbeidet har vi samarbeidt med fleire av våre sakkunnige spesialistar. Alle deltakarane har spesialistkompetanse og monaleg erfaring med både klinisk arbeid og invaliditetsvurderingar.

- Nivåa i tabellen er basert på kjennskap til kva konsekvensar skaden erfaringsmessig gir for erstatningssøkjaren. Vi har òg sett på praksis og nivå i dei invaliditetstabellane andre skandinaviske land har, seier Nøjd.

NPE har som mål å ha ein rett og einsarta praksis i behandlinga av erstatningskrav. Saman med den forskriftsbaserte invaliditetstabellen skal den interne invaliditetstabellen vår bidra til dette.

I arbeidet med intern meintabell har følgjande medverka:

Fordøyingssystemet

Kjell Øvrebø, overlege, dr. med.

Kåre Emil Bakkevold, pensjonert overlege, dr. med.

Arne E. Færden, overlege, dr. med.

Tom I. Gerner, dr. med.

Maria Gaard, overlege, dr. med

Arild Nesbakken, overlege, professor

Asgaut Viste, overlege, professor

Kvinnelege kjønnsorgan

Mette Haase Moen, professor emerita

Ole-Erik Iversen, overlege, professor emeritus

Marit Lieng, avdelingsleiar, professor

Anny Spydslaug, overlege

Frå NPE

Trude Mørtvedt, seniorrådgivar/advokat

Henning Berg, seniorrådgivar/advokat

Gorm Are Grammeltvedt, avdelingsdirektør

Mads Morten Nøjd, avdelingsdirektør