Vi søkjer sakkunnige spesialistar

Vi kunngjer no avtalar om levering av sakkunnigtenester for lege- og tannlegespesialistar. Her finn du nærare informasjon om anskaffinga, og oversikt over kunngjorde spesialitetar og avtalevolum.
 

Skriv ut Bokmål | English | 11. november 2020

NPE innbyr til anbodskonkurranse om levering av sakkunnigtenester.

Sakkunnig spesialist hos NPE

NPE har ca. 110 sakkunnige spesialistar (legar, tannlegar og sjukepleiar) som saman representerer meir enn 30 kliniske spesialitetar.  Dei sakkunnige spesialistane våre er knytte til oss på deltid – dei fleste gjennom avtalar. Spesialistane er fagleg uavhengige. Avtalane regulerer mellom anna tenestevolum og timehonorar, og er inngåtte etter anbod i tråd med gjeldande anskaffingsregelverk.

Spesialitetar og tilbodsfrist

Fleire av avtalane våre går ut i 2021, og vi har behov for å erstatte desse med nye. I enkelte spesialitetar kunngjer vi òg ny kapasitet/kompetanse, mellom anna i radiologi, ortopedisk kirurgi og psykiatri.

Sjå oversikt over spesialitetar og behov

Konkurransen blir gjennomført elektronisk. Nærare informasjon om oppdraga, avtalane og framgangsmåten går fram av konkurransedokumenta, som er kunngjorde på Database for offentlege innkjøp – DOFFIN (sjå lenke nedanfor).

  • Tilbodsfrist er torsdag 10. desember 2020 kl. 12.00

Lurer du på noko?

Har du spørsmål om anskaffingsprosessen, kontakt:

Har du spørsmål om NPE eller knytt til oppdrag og organisering, kontakt:

  • Seniorrådgivar, Mads Morten Nøjd.
    E-post: mmn@npe.no Telefon: (+47) 22 99 44 48.

  • Koordinator sakkunne, Gro Marie Haugen.
    E-post: gms@npe.no Telefon: (+47) 22 99 46 90

Slik får du tilgang til anbodsdokumenta

Konkurransen er kunngjort på Database for offentlege innkjøp – DOFFIN.

For å få tilgang til konkurransedokumenta gjer du følgjande:

  • Klikk på den blå knappen «Meld interesse» øvst til venstre
  • Velg «Continue» i meldinga som kjem opp. Du kjem no over i konkurransegjennomføringsverktøyet Mercell, der du mellom anna kan lese og laste ned anbodsdokumenta.

Levering av tilbod

Når du skal levere tilbod på konkurransen, må du nytte Mercell, som er  konkurransegjennomføringsverktøyet vårt.

I praksis må du passe på å levere tilbod på rett delkonkurranse (spesialitet) - dette fordi kvar delkontrakt (spesialitet) blir vurdert og tildelt separat av oppdragsgivar. Om du skal levere tilbod på fleire delkontraktar, må du levere separate tilbod i kvar enkelt delkonkurranse.

Rettleiing levere tilbod i konkurransar og delkontraktar med Mercell

Ta kontakt med Mercell på +47 21 01 88 00 om du framleis er i tvil om korleis dette skal gjerast i verktøyet. Vi tilrår at du startar med tilbodsinnleveringa i god tid før tilbodsfristen går ut då det ikkje er mogleg å gje tilbod etter tilbodsfristen.