Intern invaliditetstabell

NPE har laga ein intern tabell for fastsetjing av medisinsk invaliditet. Vi har no revidert tabellen for kvinnelege kjønnsorgan.

Intern invaliditetstabell

Skriv ut Bokmål | English | 22. mars 2018

Har erstatningssøkjaren fått ein varig skade, kan det vere grunnlag for meinerstatning. For å kunne rekne ut meinerstatninga, er det nødvendig å fastsetje storleiken på den medisinske invaliditeten.

Forskrift om meinerstatning ved yrkesskade fastset medisinsk invaliditet. Forskrifta del II inneheld ein invaliditetstabell, som viser skadefølgjer og medisinsk invaliditet i prosent (invaliditetsgrad). Etter fast praksis brukar ein òg forskrifta og tabellverket ved fastsetjing av medisinsk invaliditet når ein vurderer andre personskadar enn yrkesskadar, òg når det gjeld pasientskadar.

Forskrifta er utarbeidd for å omhandle yrkesskadar. Mellom anna av den grunn regulerer ho ikkje alle typar skadefølgjer som kan oppstå til dømes i samband med ein pasientskade. Forskrifta § 2 nr. 2 andre punktum tilviser at for skadefølgjer som ikkje er med i tabellen, skal invaliditetsgraden fastsetjast på bakgrunn av ei skjønsmessig samanlikning med skadefølgjene i tabellen.

Erfaringa vår med pasientskadar er at det ofte er vanskeleg å fastsetje ein invaliditetsgrad på bakgrunn av ei skjønsmessig samanlikning med skadefølgjene i tabellen. Difor har vi ynskt å utvikle eit tabellverk, som kan gi rettleiing og vere eit supplement, for skadefølgjer som ikkje er regulerte i tabellen.

I arbeidet med tabellen har vi samarbeidd med fleire medisinsk sakkunnige, som har spesialistkompetanse og monaleg erfaring med både klinisk arbeid og det å fastsetje invaliditetsgrad.

Tabellen er meint som eit supplement til forskrifta om meinerstatning ved yrkesskade og tabellverket i forskrifta. Føremålet er å leggje til rette for betre skjønsmessige vurderingar av skadefølgjer som forskrifta ikkje omhandlar, og med det sikre lik praksis.

På bakgrunn av innspel frå brukarane av tabellen har vi no endra nokre av punkta under kvinnelege kjønnsorgan. Layouten er òg endra slik at det blir tydeleg kva som står i forskrifta om meinerstatning ved yrkesskade, og kva som står i den interne invaliditetstabellen.

På andre medisinske område er det fleire skadefølgjer som ikkje er skildra i tabellen til forskrifta. NPE jobbar med å vidareutvikle tabellen for områda hjartesjukdom og smerteplager.

Har du spørsmål eller innspel til denne tabellen kan du kontakte avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.

Her kan du lese meir om bakgrunnen for at vi har laga den interne invaliditetstabellen og kven som har delteke i arbeidet.