Erstatningssaker - diagnostisering av lungekreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har utbetalt 50 millionar kroner i erstatning etter forseinka diagnose av lungekreft?

Skriv ut Bokmål | English | 11. mai 2021

Av 233 erstatningskrav fekk 108 erstatningssøkjarar medhald. Gjennomsnittsalderen var 63 år, og 57 prosent av pasientane var menn.

Diagnosen stilt for seint

Nesten 40 prosent skuldast feiltolking av bildeundersøkingar. 28 prosent er grunngjevne med at funn ikkje er følgde opp, medan det i 24 prosent av sakene ikkje er rekvirert nødvendige undersøkingar.

Prøvesvar som ikkje er følgde opp, kommunikasjonssvikt og feil utført undersøking, er andre årsaker til forseinka lungekreftdiagnose.

Svikt i diagnostikk har ført til dødsfall, forkorta levetid eller forverra sjukdomsprognose i 91 prosent av sakene. Andre følgjer er meir omfattande behandling, og større plager enn pasienten elles ville ha hatt.

Avslag

125 erstatningssøkjarar fekk avslag. I to av tre saker konkluderte vi at det ikkje har vore svikt i diagnostikk. Det vil seie at utgreiinga var i tråd med god medisinsk praksis, og at det ikkje var grunnlag for tidlegare diagnose.