Erstatningssaker - fedmekirurgi

Visste du at NPE har behandla 127 saker som gjeld fedmeoperasjonar dei siste fem åra?

Skriv ut Bokmål | English | 10. september 2021

Nesten 80 prosent av erstatningssøkjarane er kvinner, medan ei av tre var i 40-åra då dei blei opererte. NPE har så langt utbetalt 14 millionar kroner i erstatning.

Operasjonen skulle ikkje vore utført

27 av dei 127 erstatningssøkjarane fekk medhald. I 25 av sakene skjedde det ein svikt i behandlinga. Dei fleste av desse pasientane skulle ikkje vore opererte fordi dei hadde psykiske lidingar, for låg BMI, eller ikkje hadde prøvd livsstilsendringar fyrst.

Behandlingssvikten førte til magesmerter, ernæringsproblem og forlengd sjukdomsforløp med nye operasjonar.

I dei siste to medhaldssakene var det ingen svikt i behandlinga, men skaden var særleg stor og uventa. Ein av pasientane døydde.

Ikkje svikt i behandlinga

Nesten alle dei 100 avslaga er grunngjevne med at det ikkje har vore ein svikt i behandlinga. Komplikasjonane som oppstod er kjende, og innanfor det som må aksepterast.