Erstatningssaker - handleddsbrot

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 270 saker som handlar om handleddsbrot? 71 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet, og det er så langt utbetalt 11 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 17. august 2020

76 prosent av erstatningssøkjarane er kvinner og den største aldersgruppa er mellom 50 og 59 år.

Type behandling

Halvparten av sakene gjeld kirurgisk behandling og nesten 40 prosent konservativ behandling. Resten handlar om diagnostisering eller oppfølging. Den totale medhaldsdelen er 26 prosent, men 30 prosent for kirurgisakene og berre 17 prosent for konservativ behandling.

Skade

Smerter i etterkant av handleddsbrot er hovudårsak til kravet om erstatning. Smerter er registrert som viktigaste skade i nesten halvparten av sakene. Komplekst regionalt smertesyndrom utgjer 28 prosent av smertesakene. Feilstilling i handleddet, nedsett rørsle og nerveskade er andre skadetypar som peikar seg ut. Den totale medhaldsdelen er 26 prosent, men varierer frå 14 prosent i smertesakene til 36 prosent i sakene som handlar om feilstilling.

Årsak til medhald

90 prosent av dei 71 erstatningskrava som har fått medhald er grunngjevne med at det har vore svikt i behandlinga. Det er fleire grunnar til dette. Dei viktigaste er at brotskaden burde vore operert eller operert tidlegare, at utstyr som til dømes plater og/eller skruer er feilplasserte, at behandlinga er ufullstendig, at det er brukt feil behandlingsteknikk/metode eller at det er mangelfull kontroll etter behandling.

Årsak til avslag

Litt over halvparten av dei 270 erstatningskrava som har fått avslag er grunngjevne med at det ikkje er årsakssamanheng mellom hevda skade og behandlinga, men at plagene skuldast sjølve brotskaden. 43 prosent er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i behandlinga, og at plagene som har oppstått er kjende komplikasjonar til brotbehandlinga. Resten er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk.