Kort om erstatningssaker – hjerneslag

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 361 hjerneslagsaker? 128 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er utbetalt 140 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

Hjerneinfarkt utgjer 68 prosent av sakene, hjernebløding 24 prosent, medan hjerneslaget er uspesifisert i sju prosent av sakene. Menn utgjer 58 prosent av pasientane, og gjennomsnittleg alder på skadetidspunktet er 55 år.

Årsak til medhald

Svikt i diagnostikk er grunngjeving i 80 prosent av dei sakene som har fått medhald. Vanlegaste årsak til svikt i diagnostikk er feiltolking av symptom, mangelfull utgreiing, feiltolking av MR/CT eller forseinka innlegging på sjukehus.  Svikt i behandling utgjer nesten 20 prosent av medhaldssakene. Hovudårsaka til svikt i desse sakene er svikt ved medisineringa, til dømes i samband med trombolysebehandling.

Skadeomfang

Følgjene for pasientane har hovudsakleg vore hjerneskade eller forverring av hjerneskade med kognitiv svikt, motoriske utmaningar, lammingar, kommunikasjonsvanskar, synsforstyrringar og redusert balanse. 16 pasientar er registrerte med dødsfall eller forkorta levetid som følgje av svikt i diagnostisering eller behandling.

Årsak til avslag

Det er tre hovudårsaker til at 233 erstatningssøkjarar har fått avslag. 38 prosent er grunngjevne med at det ikkje er årsakssamanheng mellom helsehjelpa og skaden som har oppstått. 37 prosent er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk ut frå symptoma som låg føre, og 23 prosent med at det ikkje har vore svikt i behandlinga.