Erstatningssaker - hjernesvulstar

Verdas hjernesvulstdag blir markert 8. juni. Visste du at NPE har gitt medhald til 45 erstatningssøkjarar med vondarta eller godarta hjernesvulst dei siste fem åra?

Skriv ut Bokmål | English | 8. juni 2021

Vi har så langt utbetalt 37 millionar kroner i erstatning.

Flest medhald for forseinka diagnose

Dei aller fleste sakene, i alt 35, gjeld forseinka diagnostikk av hjernesvulst. Forseinkinga skjedde fordi prøvar eller undersøkingar blei tolka feil, eller at dei aldri blei bestilte. I mange tilfelle blei diagnosen forseinka med fleire år.

Dei andre erstatningssøkjarane fekk medhald for svikt i behandlinga av hjernesvulsten, eller fordi det oppstod infeksjon i samband med operasjon.

Dødsfall eller forverra prognose

I alt åtte erstatningssøkjarar døydde eller fekk forkorta levetid på grunn av svikten, medan konsekvensen for fem andre var forverra sjukdomsprognose.

I dei totalt 150 avslaga konkluderte vi i dei fleste sakene med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk.