Erstatningssaker - sjølvmord og sjølvmordsforsøk

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 217 erstatningskrav som handlar om sjølvmord eller sjølvmordsforsøk?

Skriv ut Bokmål | English | 16. september 2021

Sjølvmord utgjer 79 prosent av vedtaka og sjølvmordsforsøk 21 prosent.

Halvparten av erstatningssøkjarane har fått medhald, og det er så langt utbetalt 75 millionar kroner i erstatning til pasientar eller etterlatne. Kjønnsfordelinga viser like mange kvinner og menn, og gjennomsnittleg alder er 43 år.

Bakgrunn for medhald

Medhald i 90 sjølvmordssaker er grunngjevne med svikt ved sjølvmordsrisikovurdering, for tidleleg utskriving eller permisjon, svikt i planlegging og systematikk i oppfølging og svikt i tilsyn.

I desse sakene har vi konkludert med at sjølvmordet kunne vore forhindra om det ikkje hadde vore svikt ved behandlinga eller oppfølginga.

Dei 19 medhaldssakene som handlar om sjølvmordsforsøk har dei same hovudgrunngjevingane for vedtaka, og at sjølvmordsforsøket kunne vore unngått ved rett behandling eller oppfølging.

Sjølvmordsforsøka har til dels ført til store skadar som hjerneskade, diverse brotskadar og amputasjonar.

Avslagssakene

Dei 108 avslagssakene er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostisering, behandling eller oppfølging ut frå symptom og funn, eller at det ikkje har vore grunnlag for tvangsbehandling.