Ny i NPE

For eit år sidan starta Elisabeth Mohn som saksbehandlar i NPE. Vi har teke ein prat med henne om korleis det er å jobbe som saksbehandlar og korleis ho opplevde å vere nytilsett i NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 23. januar 2020

Majoriteten av medarbeidarane i NPE, inkludert Elisabeth, har utdanning innan juss, men det er òg mange med annan bakgrunn, til dømes helsefagleg eller samfunnsvitskapeleg. Elisabeth tok utdanninga som jurist ved Universitetet i Bergen. Ho har fordjuping innan erstatningsrett, og hadde i tillegg jobba i nokre år hos Utlendingsnemnda før ho starta hos NPE. I dag jobbar ho som saksbehandlar med ansvarsutgreiing av saker innan ulike medisinske område.

Nytilsett - opplæring og personleg oppfølging
Når du startar som saksbehandlar i NPE går du gjennom eit opplæringsprogram og blir tildelt ein fadder som følgjer deg opp. Elisabeth fortel at ho hadde ei god oppleving med å vere ny i NPE, og ho er fornøgd med programmet.

- Eg blei møtt av veldig hyggelege kollegaer og eit godt opplæringsprogram då eg starta her. Det å ha ein fadder som eg alltid kunne spørje gjorde at eg følte meg teken vare på og trygg i jobben, seier ho, og held fram:

- Alle nye saksbehandlarar går òg gjennom kurs innan relevante medisinske og juridiske tema, som gir oss god innsikt i tilnærminga NPE har til erstatningsrett og medisinske tema. Det var òg ein fin måte å bli kjend med andre nytilsette, sidan vi tek desse kursa saman i grupper.

Meir variasjon enn venta
Faglege utfordringar og hyggelege kollegaer er noko av det ho set pris på i jobben som saksbehandlar i NPE. Hun har jamleg kontakt og samarbeider med andre saksbehandlarar, legar, og erstatningssøkjarar i ulike livssituasjonar og i alle aldrar.

- Det gjer jo at arbeidsdagane ofte blir litt meir varierte, noko som eg trivst godt med, seier ho og smiler.

Korleis er ein typisk arbeidsdag for deg?

- Han består av ein fin kombinasjon av mykje skriving, lesing, ein del telefonar, masse e-postar, nokre møte, og diskusjonar med kollegaer.

Sosialt på jobb
Per i dag er vi omlag 160 tilsette, og kontora våre ligg sentralt til i Oslo sentrum. Elisabeth fortel at ho omgåast for det meste med kollegaer i seksjonen sin dagleg, men at NPE legg til rette for sosiale arrangement på tvers av seksjonane òg.

Julebord, årleg NPE seminar, seksjonsseminar, lønningspils og vinlotteri er noko av dei sosiale arrangementa som NPE set av tid til i løpet av året. I tillegg har NPE ei eiga innebandygruppe som spelar på vinterstid, og ei fotballgruppe som spelar på sommarstid. Det er òg ei eiga joggegruppe som har løpeturar kvar veke.

Har du lyst å jobbe i NPE? Sjå våre ledige stillingar her