17 millionar kroner i erstatning til pasientar som har blitt behandla feil stad på kroppen

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har gitt medhald i 48 saker frå 2012 til i dag, der pasienten har blitt behandla feil stad på kroppen. NPE har utbetalt 17,3 millionar kroner i erstatning til desse pasientane.

Skriv ut Bokmål | English | 4. juli 2018

Flest saker innan ortopedi

I sakene er det alt frå feil tann som er trekt, til at ein har forveksla kva auge, kne, okle osb som skulle opererast.

Over halvparten av desse sakene (27 saker) gjeld ortopedi. 14 av desse sakene gjeld operasjon av ryggen, der ein har anten gått inn på feil side eller har operert på feil nivå.

Mange ulike plager og ny operasjon

For desse 48 pasientane er ein slik feil alvorleg. Dei fleste må opererast på nytt, dei treng meir behandling og får eit forlengt sjukdomsforløp fordi feilen blei gjort. Dei opplever smerter, lamming, nedsett rørsleevne og infeksjonar. Nokre får fjerna ein kroppsdel det ikkje var nødvendig å fjerne.

For mange er det òg ei psykisk påkjenning å måtte gjennomføre meir behandling og ny operasjon, i tillegg til dei fysiske plagene.

Feila kunne vore unngått

I desse 48 sakene meiner NPE at det har vore ei feilbehandling. Det vil seie at vi meiner at feila kunne vore unngått. Det er viktig at helsetenesta ser på sakene til NPE og lærer av dei, slik at ein unngår at slike feil skjer om att.