238 millionar kroner i erstatningsutbetalingar etter feilbehandling utbetalt til no i år

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har dei fyrste tre månadene i 2018 utbetalt 238 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande etter feilbehandling i helsetenesta.

Skriv ut Bokmål | English | 10. april 2018

- Vi veit at det å få erstatning for ein pasientskade når ein har blitt feilbehandla er viktig for dei det gjeld, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad. I fyrste kvartal 2017 utbetalte NPE 235 millionar kroner.

Erstatningane sørgjer for at pasientar og pårørande får dekt det økonomiske tapet som skaden har påført dei. I tillegg til at dei pasientane som har fått omfattande og varige skadar får ei erstatning for redusert livskvalitet.

Erstatningane dekkjer ulike typar tap

Dekning av inntektstap i samband med pasientskaden utgjer 39 prosent av erstatningane NPE har utbetalt til no i 2018, og er den største delen av erstatningsutbetalingane. Så følgjer dekning av utgifter og meinerstatninga som andre store postar, på høvesvis 26 og 20 prosent. Standarderstatning for barn og forsørgjartap utgjer 8 og 3 prosent av utbetalingane til no i 2018.

– Erstatningane sørgjer for at pasientar og pårørande får dekt det økonomiske tapet som skaden har påført dei. I tillegg får dei pasientane som er påførte omfattande og varige skadar ei utbetaling for redusert livskvalitet. Vi veit at det å rette opp økonomiske konsekvensar av pasientskaden og godta at pasienten har vore utsett for feilbehandling, er viktig for å kome seg vidare, og det er jo nettopp dette erstatningsordninga skal sørgje for, seier Jørstad.

Saker tekne imot

NPE tok imot 1543 saker fyrste kvartal i 2018. – Med dette utgangspunktet for fyrste kvartal i år, har vi grunn til å tru at vi kjem til å ta imot rundt 6000 saker i løpet av 2018. Når vi å ta imot 6000 saker i 2018, vil det i så fall vere det høgaste talet saker vi har teke imot i løpet av eit år, seier Jørstad. Han understrekar at å ta imot 6000 saker er ein førebels prognose for 2018. – Det viktigaste for oss er ikkje kor mange saker vi tek imot i løpet av året, men at pasientar og pårørande som meiner dei kan ha rett til erstatning, sender inn ein søknad til oss, slik at vi kan vurdere kravet, avsluttar han.