355 pasientar unødvendig opererte – har fått 140 millionar kroner i erstatningar frå NPE

Ei kvinne som feilaktig fekk fjerna eggstokkane, mista evna til å få eigne barn. Ein overvektig pasient som fekk fedmekirurgi utan godt nok grunnlag, mista milten på grunn av komplikasjonar. Ein mann fekk fjerna ein menisk, som førte til smerter og redusert bøyeevne. Han skulle ikkje vore operert.

Skriv ut Bokmål | English | 26. september 2018

Dette er eksempel på saker som Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har behandla og utbetalt erstatning i. Totalt har NPE dei siste fem åra utbetalt nær 140 millionar kroner i erstatningar i 355 saker der pasientar har blitt operert utan at det var nødvendig og rett med slik behandling.

– Kirurgi er i mange tilfelle ein viktig og heilt nødvendig del av god pasientbehandling. Men ein må alltid gjere ei grundig vurdering av om kirurgi er den rette behandlinga å tilby pasienten. I NPE ser vi eksempel på tilfelle der pasientar har blitt opererte utan at det var rett å tilby operasjon, og vi ser òg eksempel på operasjonar som er meir omfattande enn det var grunnlag for, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Han held fram: - Vi ser i sakene vi behandlar eksempel på operasjonar som ikkje burde vore gjennomførte fordi kirurgi ikkje var den beste behandlingsløysinga for pasienten. Vi ser operasjonar som ikkje skulle blitt gjort fordi helsesituasjonen til pasienten elles tilseier at det er for stor risiko knytt til operasjonen, og saker der pasienten har fått fjerna organ utan at det var nødvendig.

Flest saker innan offentleg helseteneste og ortopedisk behandling

NPE har i perioden 2013-2017 gitt medhald i totalt 355 saker, der det ikkje var grunnlag for å operere pasienten. Dei aller fleste sakene gjeld behandling i offentleg helseteneste (314 saker). 56 prosent av sakene gjeld kvinner, 44 prosent gjeld menn.

Dei fleste sakene gjeld ortopedisk kirurgi (212 saker). Nest etter dette kjem saker som gjeld gastrokirurgi (32 saker) og kirurgi knytte til kreft og svulstar (18 saker).

Alvorlege konsekvensar

I mange av desse sakene ser NPE at pasientane får varige plager og mein, og får meir smerter og ubehag fordi dei blei opererte. I fleire tilfelle må pasientane få meir behandling og rehabilitering enn om dei ikkje hadde fått operasjonen.

I fire av dei 355 sakene meiner NPE at operasjonen førte til at pasienten døydde.

– Konsekvensane av feiloperasjonen er i nokre tilfelle svært alvorlege. Grunnen til at vi har tilkjent erstatning i desse sakene er at skadane, om ein ikkje hadde operert på feil grunnlag, sannsynlegvis ville vore unngått, seier Jørstad.

Han peikar på at i tillegg til den økonomiske og helsemessige påkjenninga for pasientane og dei pårørande, fører unødvendige operasjonar til auka behandlingskostnadar for helsetenesta, fordi pasientane ofte treng meir behandling etter feilen.

– Unødvendig kirurgi er éi side av problemstillinga overbehandling, som både helsestyresmakta, helsetenesta og til dømes Legeforeningen er opptekne av. Det vi ser i sakene vi behandlar gir meir kunnskap om når denne typen feil blir gjort i helsetenesta. Materialet er slik sett eigna – både erfaringane i enkeltsaker og samla – til læring, slik at ein kan unngå at denne typen feil skjer omatt, avsluttar han.