66 kvinner fekk livmorhalskreft – kunne vore unngått

NPE har gitt erstatning til 66 kvinner og deira pårørande på grunn av forseinka diagnostisering av livmorhalskreft. Kvinnene har fått erstatning fordi NPE meiner dei ikkje har fått den oppfølginga dei hadde krav på.

Skriv ut Bokmål | English | 18. januar 2019

– Desse kvinnene har ikkje fått den oppfølginga dei skulle hatt, og det fekk alvorlege konsekvensar for dei. Vi meiner at alle desse 66 kvinnene mest sannsynleg kunne ha unngått å få kreft om prøvane hadde blitt følgde opp på rett måte, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad i NPE.

Mest feiltolking

NPE har gått gjennom erstatningssakene sine som omhandlar forseinka diagnose av livmorhalskreft. Sakene er frå perioden 2014 til oktober i 2018.
81 prosent av sakene gjeld feiltolking av prøvesvar eller undersøking, resten gjeld at funn ikkje er følgde opp, eller at det er ikkje teke prøvar.

Svært alvorlege konsekvensar

I 72 prosent av sakene meiner NPE at kvinnene har dårlegare utsikter for å overleve kreften fordi kreften ikkje blei oppdaga tidleg nok. To kvinner døydde av feilen som blei gjort.

- Det er trist å sjå dei alvorlege konsekvensane for desse kvinnene. Mange av dei er kvinner i 20- og 30-åra, som har fått skadar og nedsett livskvalitet. Til dømes ser vi kvinner som misser utsiktene til å få barn fordi dei får fjerna livmor og eggstokkar. Dei får plager med for tidleg overgangsalder og problem med urinvegane. Mange får fjerna lymfeknutar, som fører til varige problem, seier Jørstad.

62 millionar kroner i erstatning – så langt

NPE har hittil utbetalt 62 millionar kroner i erstatning i desse sakene, men i mange av sakene er ikkje erstatninga ferdig utrekna.

- Vi ventar difor at utbetalingane vil auke. Erstatningane varierer frå nokre hundre tusen kroner, til fleire millionar kroner. Mange av sakene gjeld unge kvinner som blir varig skadde og får redusert arbeidsevne, og i tillegg til å dekkje varig mein, skal erstatninga i desse tilfella dekkje økonomisk tap for resten av livet, seier Jørstad.

Tidleg diagnose er viktig

Det å stille kreftdiagnosen så tidleg som mogleg er viktig for å kunne overleve kreften. - I desse sakene dreier det seg om å oppdage forstadium til kreft. Så med rett oppfølging ville dei fleste av desse kvinnene sannsynlegvis unngått å få kreft, seier Jørstad.

Kunnskapen må brukast for å unngå at dette skjer om att

Han held fram: - Vi meiner det er viktig at helsetenesta ser på kva som kan trekkjast ut av eit materiale som dette, for å lære meir om kva som går gale. Det er viktig å bruke denne kunnskapen til å unngå at det skjer om att. Helsetenesta må ha gode og sikre system som gjer at prøvane blir følgde opp. Det er òg viktig å sikre at det er personar med rett kompetanse som vurderer desse prøvane, avsluttar han.

Eksempel på saker:

  • Kvinne i slutten av 20-åra fekk feiltolka celleprøve. Dette førte til eitt år forseinka behandling. NPE meiner at om diagnosen hadde vore stilt tidlegare, hadde kvinna sloppe å få fjerna livmor, eggstokkar og lymfeknute.
  • Kvinne i 30-åra fekk påvist livmorhalskreft eit halvt år etter fødsel. NPE meiner at celleprøven som blei teken 15 månader før blei feiltolka. Forseinkinga førte til at kvinna trong meir omfattande behandling med varig skade i urinvegane, øydelagd seksualfunksjon og dårlegare utsikter for å overleve kreften.
  • Kvinne i 30-åra fekk forseinka diagnose av livmorhalskreft fordi ho ikkje hadde fått beskjed om at ho trong å ta ein ny prøve etter eitt år og ikkje etter tre år. Det førte til at kvinna fekk kreft, med dårlege utsikter for å overleve kreften.