877 pasientar døydde i helsetenesta – pårørande fekk erstatning

I perioden 2012-2018 har Norsk pasientskadeerstatning (NPE) tilkjent erstatning i 877 saker der pasienten døydde som følgje av feilbehandling. Vi har utbetalt 261 millionar kroner i erstatning til pårørande i desse sakene.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2020

Feilbehandling og svikt i diagnostikk
I dei aller fleste av desse sakene er årsaka til dødsfallet ei eller anna form for feilbehandling eller svikt i diagnostikk. Det gjeld til dømes pasientar som ikkje har fått tilstrekkeleg og tidleg nok behandling eller oppfølging, mangelfull sikring av pasientar med høg sjølvmordsrisiko og pasientar som har blitt feilmedisinert.

– Vi har utbetalt erstatning til dei pårørande i desse sakene fordi vi meiner at pasientane mest sannsynleg ville ha overlevd om dei hadde fått rett behandling eller om rett diagnose hadde blitt stilt tidlegare, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad i NPE.

Tankevekkjande
- Det gjer inntrykk å gå gjennom desse sakene. Mellom dei 877 sakene ser vi ein del tilfelle der det har skjedd alvorlege feil i helsetenesta. Dette materialet viser fleire eksempel på forseinka kreftdiagnose, feilvurdering i fødselsforløp, manglande sikring av pasientar med sjølvmordsrisiko og for dårleg oppfølging av pasientar etter inngrep. Sakene er ei påminning om kor viktig det er med gode rutinar og rett kompetanse i helsetenesta, seier Jørstad.

Erstatningsutbetalingar
Det er utbetalt 261 millionar kroner i erstatning til pårørande i desse sakene. Erstatninga dreier seg i hovudsak om dekning av forsørgjartap for dei etterlatne og utgifter til gravferda.

– Tapet ved å miste ein av sine kjære kan ikkje erstattast. Likevel er det viktig at pårørande får erstatta det økonomiske tapet dei har hatt på grunn av dødsfallet, seier Jørstad.

Læring av sakene
- Det at ein pasient døyr som følgje av feil er det mest alvorlege som kan skje i helsetenesta. Vi opplever at desse sakene blir tekne på alvor og at helsetenesta er oppteken av å lære av feila for å unngå at dei skjer om att. Samtidig viser tala våre at det framleis er rom for forbetringar i helsetenesta for å unngå slike dødsfall, avsluttar Jørstad.

Eksempel på saker der dei pårørande har fått erstatning frå NPE

  • Ei kvinne i 40-åra hadde lungekreft som kunne vore oppdaga fem månader tidlegare enn det som blei gjort. Ho skulle ha vore tilvist vidare, og NPE meiner ho kunne overlevd kreften med ein tidlegare diagnose og behandling.

  • Ein mann i 20-åra var innlagd i psykisk helsevern for oppfølging og utgreiing av psykiske plager. Han tok livet sitt medan han var innlagd. NPE meiner at pasienten burde fått ei grundigare vurdering, tettare tilsyn og meir målretta behandling slik at sjølvmordet kunne vore unngått.

  • Ein mann i 40-åra kom til akuttmottak med typiske symptom på hjarteinfarkt. Pasienten blei send heim att fordi EKG-målingane blei feiltolka. NPE meiner at pasienten burde ha vore innlagd, og med rett behandling ville han kunne overlevd infarktet.

  • Ein liten gut blei teken med til legen på grunn av feber, oppkast og generelt dårleg allmenntilstand, som viste seg å vere hjernehinnebetennelse. NPE meiner at guten burde vore tilsett av legevakta same dag og ikkje blitt tilvist til fastlege dagen etter. Hadde guten blitt lagd inn tidlegare, hadde han mest sannsynleg overlevd.