Anne-Mette Gulaker tiltrer som fungerande direktør

Anne-Mette Gulaker er avdelingsdirektør i NPE og har lang erfaring som leiar av saksbehandlingsområdet. Ho blir fung. direktør inntil ny direktør er tilsett.

Skriv ut Bokmål | English | 30. januar 2023

Gulaker har vore avløysar for direktør i mange år og er godt kjend med dei ulike oppgåvene som ligg til stillinga.

Anne-Mette Gulaker

- Den viktigaste oppgåva blir fyrst og fremst å sørgje for at NPE framleis fungerer godt, i påvente av at vi får tilsett ein ny direktør, seier fung. direktør Anne-Mette Gulaker.

NPE står i startgropa med å gjennomføre ei omfattande digitalisering av alle system og tenester. Det å sørgje for ei god gjennomføring av dette prosjektet blir ei viktig oppgåve å følgje opp framover. Samstundes er hovudoppgåva å behandle erstatningskrava på ein effektiv og god måte.

-Eg ser fram til dette arbeidet, saman med alle dei dyktige leiarane og medarbeidarane vi har i NPE, avsluttar Gulaker.