Årstal 2017: Stabilt i Norsk pasientskadeerstatning

Årstala 2017 for Norsk pasientskadeerstatning (NPE) viser at saker tekne imot og utbetalingar ligg stabilt samanlikna med 2016.

Skriv ut Bokmål | English | 13. februar 2018

NPE fekk 5823 nye saker og betalte ut kr 979,4 millionar kroner i erstatningar i 2017. - 2017 har vore eit år som liknar mykje på det førre året, utan store auker eller nedgangar i korkje saker vi har teke imot eller utbetalingar, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Liten auke i tal melde saker

I byrjinga av 2017 såg det ut til at NPE ville ta imot rekordmange saker. – Talet saker vi tok imot flata ut utover året, slik at det totalt gjennom heile året blei ein mindre auke, seier Jørstad. I alt tok NPE imot 5823 nye saker, ein auke på 3,5 prosent frå 2016 til 2017. Dette er elles det høgaste talet nye saker NPE har teke imot i løpet av eitt år.

Erstatningsutbetalingar

I 2017 utbetalte NPE 979,4 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande. - Dette er 7,6 millionar kroner mindre enn i 2016, noko som er lite i sammenhengen vår. Ei sak med ein stor erstatningssum kan åleine utgjere denne skilnaden, seier Jørstad.

Ser vi på dei sakene som fekk endeleg utbetaling i 2017, er snitterstatninga på rundt 744 000 kroner. Dette snittet er nesten heilt uendra frå 2016. Erstatningssummane varierer frå minstesummen på 10 000 kroner til fleire millionar kroner, etter kor stort tap og varig mein kvar einskild erstatningssøkjar har.

Erstatningane sørgjer for at pasientar og pårørande får dekka det økonomiske tapet som skaden har påført dei, i tillegg til at dei pasientane som har fått omfattande og varige skadar får ei utbetaling for redusert livskvalitet. - Vi veit at det å rette opp økonomiske konsekvensar av pasientskaden er viktig for å kome seg vidare, og det er jo nettopp dette erstatningsordninga skal sørgje for, seier Jørstad.