Auke i saker NPE har teke imot etter behandling i privat helseteneste

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har hatt ein auke på nærare åtte prosent frå 2016 til 2017 i melde erstatningssaker som gjeld behandling i den private helsetenesta

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

NPE er no ute med ein rapport, der alle sakene som gjeld privat helseteneste er omtalte. I perioden 2009-2017 har NPE teke imot 4591 saker som gjeld behandling i privat helseteneste. 1167 erstatningssøkjarar har i denne perioden fått 195 millionar kroner i erstatning.

Auke i saker tekne imot

Frå privat helseteneste blei ein del av pasientskadeordninga i 2009, har talet melde saker auka kvart år. Delen har stige frå sju prosent i 2009 til 13 prosent i 2017.

- Veksten kan sannsynlegvis forklarast med aukande kjennskap til at om du har fått ein skade etter feilbehandling i privat helseteneste, har du same moglegheit til å søkje NPE om pasientskadeerstatning som når du har fått ein skade etter behandling i den offentlege helsetenesta, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad. – Vi kan heller ikkje sjå bort frå at ein viss auke i bruk av private helsetenester påverkar talet saker vi tek imot, påpeikar han.

Jørstad seier det er bra at fleire kjenner til at dei kan vende seg til NPE om dei meiner at dei har fått ein skade etter feilbehandling i den private helsetenesta.

Flest tannsaker

Skadar etter behandling hos tannlegar og tannlegespesialistar utgjer 58 prosent av sakene. 16 prosent av sakene gjeld skadar etter kirurgi. – Den vanlegaste behandlinga i privat helseteneste er tannbehandling. Difor er det òg naturleg at vi ser at dei fleste sakene gjeld skadar etter slik behandling, seier Jørstad.

Kirurgisaker

Skadar etter plastikkirurgi utgjer nesten halvparten av alle vedtaka som handlar om kirurgisk behandling. Den nest største gruppa innan saker som gjeld kirurgi er skadar etter ortopedisk behandling. Ymse former for knekirurgi utgjer den største delen av ortopedisakene.

Svikt i behandlinga

89 prosent av de 1167 medhaldssakene skuldast svikt i behandlinga. Det dreier seg om feil behandlingsteknikk/metode, ufullstendig eller ikkje igangsett behandling, eller at ein har fått behandling det ikkje var grunnlag for.

Avslag

Vi avslo 2110 erstatningskrav i perioden 2009-2017. Litt over halvparten av avslagssakene er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i behandlinga. I dei sakene har det skjedd ein pasientskade, men skaden har oppstått trass i at det har vore gitt rett behandling. I 35 prosent av avslagssakene er grunngjevinga at pasienten ikkje har fått ein skade av behandlinga. Plagene skuldast då anten sjølve grunnlidinga eller forhold ved pasienten sjølv.

Utbetalingar

NPE har utbetalt 195 millionar kroner i erstatningar for skadar i den private helsetenesta i perioden 2009-2017. I tannsakene er det utbetalt 66 millionar kroner. Kirurgisakene står for 51 millionar kroner. – Erstatningane dekkjer i hovudsak økonomisk tap i form av tapt inntekt og påførte meirutgifter. Har ein fått ein stor og varig skade, har ein i tillegg krav på meinerstatning, avsluttar Jørstad.