Behandling i utlandet

Om nordmenn på reise i utlandet får ein skade når dei blir behandla for ein sjukdom, kan dei ikkje søkje om erstatning frå NPE. I utgangspunktet skal krav om erstatning etter skade rettast direkte mot behandlingsstaden.

Nordiske erstatningsordningar

Skriv ut Bokmål | English | 5. januar 2018

Om behandlinga blir utført i eit av dei nordiske landa, kan pasienten søkje om erstatning gjennom erstatningsordninga i det aktuelle landet.

Unntak
Pasientskadelova dekkjer berre utanlandske sjukehus og legar om det offentlege på førehand har inngått avtale med behandlingsstaden om kjøp av tenester. Eit eksempel er når pasientar blir sende til utlandet som eit resultat av ventelistegaranti. Det same er tilfelle om behandlinga i utlandet er dekt gjennom regionalt helseføretak og grunngitt med manglande kompetanse i Noreg.

Korleis går eg fram?
Vi behandlar saka om ho fell innanfor ordninga. Vi kan òg gi deg rettleiing om korleis du skal gå fram om behandlinga er utført i eit av dei nordiske landa. Om behandlinga var utført i eit anna land, må du sjølv kontakte staden du fekk behandlinga.

Når nordmenn på eige initiativ dreg på helsereiser til private klinikkar i utlandet for behandling, er dei altså ikkje dekte av NPE-ordninga.