Dom frå Høgsterett om unntaksregelen i pasientskadelova

Ein ny dom frå Høgsterett stadfestar at NPE praktiserer regelverket på rett måte. Saka gjeld ein pasient som fekk sjeldne, men kjende skadar etter behandling for inkontinens. Skadane skuldast ikkje svikt i behandlinga og dei blei heller ikkje vurderte til å vere særleg store eller særleg uventa slik at unntaksregelen kom til bruk. Dommen inneheld viktige signal om dei vurderingane som skal vektleggjast i slike saker.

- Dette er den fyrste dommen frå Høgsterett om unntaksregelen, som gjeld skadar der behandlinga ikkje var livsnødvendig. Denne problemstillinga har vi i ein del saker, og difor er dette ein viktig dom for oss, seier Vibeke Bugge Møllhausen

Unntaksregelen

Pasientskadelova § 2 tredje ledd

"Selv om det ikke foreligger grunnlag for erstatningsansvar etter første og annet ledd, kan det unntaksvis ytes erstatning når det har skjedd en pasientskade som er særlig stor eller særlig uventet, og som ikke kan anses som utslag av en risiko som pasienten må akseptere. Det skal legges vekt på om det er gitt tilstrekkelig informasjon på forhånd."

Skriv ut Bokmål | English | 22. februar 2018

Kort om saka

Erstatningssøkjaren leid av urininkontinens og blei operert for dette. Under inngrepet blei tynntarmen perforert på to stader, og tarmen blei lagd ut mellombels. Då tarmen skulle leggjast tilbake, prøvde ein to gonger å bruke epidural. Forsøka på å leggje epidural har gitt erstatningssøkjaren varige skadar, mellom anna har vedkomande konstante smerter i det høgre beinet.

Avslag på krav om erstatning

NPE avslo kravet om erstatning og grunngav det med at det ikkje var svikt ved behandlinga. Vi meinte at skadane etter dei to fyrste operasjonane ikkje var så store eller uventa at vi kunne gi erstatning etter unntaksregelen.

- Om lag 1500 erstatningssøkjarar får erstatning kvart år, og av desse er det berre ca. 30 som får medhald etter unntaksregelen, seier Vibeke Bugge Møllhausen, avdelingsdirektør for avdeling for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing i NPE.

Pasientskadenemnda (PSN) og tingretten stadfesta avslaget til NPE

Erstatningssøkjaren klaga på vedtaket. PSN og deretter tingretten, kom til at det ikkje var svikt ved den fyrste operasjonen eller ved forsøket på å setje epidural etter den andre operasjonen. Skadane kunne ikkje reknast som særleg store når det gjeld medisinsk invaliditet, og skadefølgjene er kjende og typiske komplikasjonar. Det var eit klart medisinsk grunnlag for båe inngrepa. Tingretten viser til at unntaksregelen er meint å vere ein tryggleiksventil, og kom til at det ikkje var grunnlag for erstatning.

Lagmannsretten gav medhald

Saka blei anka til lagmannsretten og dei kom til at det ikkje var svikt i behandlinga, men meinte under tvil at ein skulle gi erstatning etter unntaksregelen. Dei viste til at erstatningssøkjar skulle ha eit kurant, rutinemessig og lite inngrep, men resultatet i dag er at vedkomande er påført ein varig, monaleg skade, som det var ekstremt liten risiko for ville inntreffe. Vurdert òg mot dei innleiande plagene hennar meinte lagmannsretten at dette er ein risiko ho ikkje må akseptere.

Staten ved PSN anka dommen til Høgsterett.

Høgsterett stadfestar avslaget i NPE

Høgsterett viste til at unntaksregelen ikkje er ein regel berre basert på kva som er rimeleg. Han skal fange opp tilfelle der det er eit mishøve mellom skaden og den sjukdomen pasienten blir behandla for. Dei sentrale momenta ein må vurdere då er

  • kor viktig inngrepet er (indikasjonen)
  • kor ofte skaden skjer ved den aktuelle typen behandling eller inngrep
  • art og omfang av skaden

Vurdering av risiko for skade

Risikoen må vurderast mot kor alvorleg sjukdomen er. Er sjukdomen livstruande må pasienten akseptere større risiko for skade, enn når han ikkje er det. Sjansen for skade frå operasjonen og nerveskaden etter forsøka med å setje epidural var svært liten, berre nokre promille. Når ein ser skadane i samanheng, utgjorde dei ein endå mindre risiko. Ved vurderinga av kva risiko pasienten må tole, er det sentralt om skaden var ei kjend og typisk følgje av inngrepet. To sakkunnige uttalte seg om dette spørsmålet og Høgsterett kom til at skadane låg innanfor den risikoen ein måtte rekne med ved inngrepa, sjølv om sannsynet for at dei ville inntreffe var svært lite.

Vurdering av omfanget av skaden

Høgsterett tok utgangspunkt i invaliditetstabellen (forskrift om meinerstatning for yrkesskade), når dei vurderte omfanget av skaden. Inkontinensplagene erstatningssøkjaren hadde utan operasjon var i området 15-20 prosent invaliditet. Plagene etter operasjonen, med konstante smerter i det høgre beinet, blei sett til invaliditetsgrad 20-24 prosent. Høgsterett kom til at skadane ikkje var urimelege, når ein held dei saman med sjukdomstilstanden erstatningssøkjaren hadde før operasjonane. Ein invaliditetsgrad på 20-24 prosent ligg i den nedre delen av tabellen. Høgsterett la vesentleg vekt på at unntaksregelen er ein tryggleiksventil som berre skal brukast der det ligg føre eit markert avvik frå den risikoen som pasientar må akseptere når dei gjennomgår medisinske inngrep.

Høgsterett uttalte at om erstatning skulle tilkjennast i eit tilfelle som dette, vil ein gå utanfor dei rammene som lovgjevar har meint at regelen skal ha.

-Dommen er viktig for oss fordi han inneheld generelle uttalar frå Høgsterett om unntaksregelen og kva tilfelle han er meint å handle om. Høgsterett peikar på at han er ein tryggleiksventil som skal brukast med varsemd, seier Bugge Møllhausen.