Erstatningskrav knytte til korona

Koronapandemien vil kunne innebere ein avgrensa rett til erstatning for nokon. Nedanfor gir vi nokre korte svar på nokre spørsmål som kan oppstå som følgje av koronasituasjonen.

Skriv ut Bokmål | English | 13. mai 2020

Koronasituasjonen inneber ekstraordinære utmaningar for helsetenesta. Ressursar blir omprioriterte for å sikre heilt nødvendig beredskap, og regjeringa har til dømes gjort avgrensingar for behandlingsfristane på sjukehus. Denne situasjonen, med avgrensa ressursar og spesielle arbeidstilhøve i helsetenesta, vil kunne ha noko å seie for korleis vi vurderer erstatningskrav og vil kunne innebere ein avgrensa rett til erstatning for nokon.

Svara på spørsmåla nedanfor vil ikkje vere dekkjande for alle høve og vi vil alltid vurdere eit erstatningskrav konkret og individuelt. Svara kan endre seg i tida framover, i tråd med utviklinga av koronasituasjonen.

Operasjonen/behandlinga mi er blitt utsett på grunn av korona og eg meiner det har forverra sjukdomen min. Kan eg få erstatning for det?

Om behovet for behandling ikkje var akutt og utsetjinga var i tråd med dei retningslinjene helsetenesta har fått frå styresmaktene i samband med korona, vil du ikkje ha rett til erstatning.

Operasjonen/behandlinga mi er blitt utsett på grunn av korona og eg har difor valt å bli behandla privat. Kan eg få erstatning for det?

Om behovet for behandling ikkje var akutt og utsetjinga var i tråd med dei retningslinjene helsetenesta har fått frå styresmaktene i samband med korona, vil du ikkje ha rett til erstatning. 

Kva nivå på den medisinske behandlinga kan vi forvente i ein situasjon med korona?

Når vi vurderer eit erstatningskrav tek vi omsyn til dei omstenda behandlinga har skjedd under. I koronasituasjonen kan helsetenesta oppleve mangel på utstyr eller mangel på personale på grunn av beredskapssituasjonen. Det vil kunne bety at det ikkje er mogleg å følgje opp alle pasientar like godt som i ein normalsituasjon. Dette vil kunne påverke om du har rett til erstatning eller ikkje.

Kan behandlingsstaden berre seie dei mangla ressursar, og så avslår de søknaden min?

Nei, vi vil alltid vurdere den konkrete saka og få dokumentasjon frå behandlingsstadene. Vi innhentar informasjon som gir oss nok kunnskap om ressurssituasjonen til å behandle saka.

Eg fekk ein skade etter behandling under koronapandemien. Kan eg få erstatning?

Du har som utgangspunkt same høve til å få erstatning som før pandemien, om behandlinga ikkje har vore påverka av koronasituasjonen. Det kan til dømes vere avdelingar på sjukehus som har fungert som normalt, uavhengig av pandemien. Om du meiner at du har fått ein skade, kan du søkje erstatning på vanleg måte. 

Eg har søkt om erstatning for ein skade som har skjedd før korona kom til Noreg. Kva skjer med saka mi?

Saksbehandlinga vår går i utgangspunktet som normalt. Det einaste det kan ha å seie for saka di er at vi kanskje må vente litt lenger på å få journal og annan dokumentasjon frå behandlingsstaden. Det kan òg vere lenger ventetid om du må til spesialist for å få vurdert konsekvensane av skaden.