Fagnotat om utrekning av erstatning i kreftsaker

Her finn du eit internt fagnotat om korleis vi reknar ut erstatning til personar som har fått forseinka diagnose og behandling av kreft.

Skriv ut Bokmål | English | 3. desember 2018

I notatet skildrar vi korleis vi forstår og praktiserer dei reglane som gjeld. Vi seier òg noko om forskjellige forhold som vi må vurdere i kvar einskild sak. Det er tema som:

  • den økonomiske situasjonen før og etter skaden
  • forverra prognose
  • tilbakefall/spreiing av sjukdomen
  • dødsfall

I tillegg skildrar notatet korleis vi reknar ut erstatninga i saker der pasienten har fått forkorta levetida på grunn av forseinka diagnose eller annan svikt i behandlinga. Dei postane vi då ser på er:

  • meinerstatning, inntektstap og meirutgifter
  • utgifter til gravferd
  • forsørgjartap