Fleire får behandla saka si hjå NPE

Blir du feilbehandla i den offentlege eller private helsetenesta, kan du ha rett til erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). I fyrste halvdel av 2019 har NPE totalt behandla 14 prosent fleire saker enn i same periode i fjor.

Skriv ut Bokmål | English | 21. august 2019

Fyrste halvår i 2019 har NPE fatta avgjerder i 2743 ansvarssaker, mot 2236 saker i same periode i 2018, ein auke på 23 prosent. Vidare er 928 erstatningsutrekningar avslutta fyrste halvår, mot 859 i same periode i fjor, ein auke på åtte prosent.  

Fleie saker behandla

– Vi jobbar målretta med å behandle fleire saker, og eg er glad for at vi ser gode resultat av effektiviseringsarbeidet vårt, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Han peikar på at det er viktig at fleire får svar frå NPE så raskt som mogleg. – Vi har i alt fatta 14 prosent fleire avgjerder og nesten 150 fleire søkjarar har fått beskjed frå oss om at dei har rett til erstatning, sett opp mot fyrste halvår i fjor. Det synest eg er positivt, seier Jørstad.

Mottekne saker

NPE har teke imot 2890 saker fyrste halvår. Dette er 1,5 prosent færre krav om erstatning samanlikna med fyrste halvår i 2018.

 - Det er alltid variasjonar og naturlege svingingar i slike tal. Vi reknar med at vi i år vil ta imot ein stad mellom 5700 og 5800 krav frå pasientar og pårørande som meiner dei har fått ein skade etter feilbehandling. Det vil i så fall vere litt meir enn vi tok imot i fjor, seier Jørstad.

Erstatningsutbetalingar

NPE har utbetalt 508 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande fyrste halvår 2019. Det er litt mindre enn i same periode i 2018. 

– Det er framleis litt tidleg å seie kor dette endar, men alt no i juli har vi teke att differansen til fjoråret, og det meste talar for at vi òg i år kjem til å utbetale i overkant av ein milliard kroner i erstatningar, seier Jørstad.

Erstatningane dekkjer mellom anna utgifter, inntektstap, meinerstatning og tap av forsørgjar. – Erstatningane sørgjer for at pasientar og pårørande får dekt det økonomiske tapet som skuldast skaden. I tillegg får dei pasientane som har fått omfattande og varige skadar ein utbetaling for redusert livskvalitet, seier Jørstad.

Erstatningssummane varier frå minstesummen på 10 000 kroner, til millionutbetalingar i saker der feilbehandlinga har ført til omfattande og varig skade på pasienten.

Eksempel på saker der pasienten fekk medhald i 1. halvår 2019

  • Ein pasient hadde fått mangelfull tannbehandling og forseinka diagnose av karies over fleire år. Pasienten hadde behov for kronebehandling og måtte ha eit implantat på to jekslar. NPE meiner at pasienten fekk mangelfull behandling. Pasienten får erstatning frå NPE.
  • Ein pasient hadde vore til fastlegen sin fleire gonger på grunn at mageplager. Det blei ikkje teke avføringsprøve. Etter kvart blei pasienten tilvist til sjukehus fordi ein mistenkte kreft. Pasienten fekk då påvist tarmkreft med spreiiing til levra. NPE meiner at diagnosen kunne vore fastsett 17 månader tidlegare. Fastlegen burde ha sikra ein avføringsprøve frå pasienten. Hadde denne prøven blitt teken tidlegare, ville mest sannsynleg diagnosen blitt stilt tidlegare. Med ein tidlegare diagnose ville pasienten unngått spreiiing og for tidleg død. Pårørande får erstatning frå NPE.
  • Ein pasient fekk infeksjon etter ein proteseoperasjon. Infeksjonen førte til eit forlengt behandlingsforløp med smerter, byte av protese i to omgangar og antibiotikabehandling. NPE meiner at pasienten fekk infeksjonen i samband med inngrepet. Pasienten får erstatning frå NPE.

Eksempel på saker der pasienten fekk avslag i 1. halvår 2019

  • Ein pasient hadde eit sår på leggen som ikkje ville gro. Pasienten fekk oppfølging hjå fastlege, og blei til slutt tilvist til sjukehus for meir behandling. Pasienten fekk kirurgisk behandling og antibiotika. NPE meiner at pasienten burde vore tilvist fire dagar tidlegare, men at denne forseinkinga ikkje har gitt meir omfattande behandling eller skade. Pasienten har ikkje rett til erstatning fordi forseinkinga ikkje har hatt konsekvensar for sluttresultatet.
  • Ein pasient blei operert for beinlengdeskilnad. Pasienten opplevde nedsett kjensle på innsida av låret og kneet, smerter og redusert muskelkraft etter operasjonen. Desse plagene er ein kjend komplikasjon ved denne typen operasjon. NPE har vurdert behandlinga, og meiner at det ikkje har vore feilbehandling av pasienten, og at plagene mest sannsynleg vil vere forbigåande. Pasienten har ikkje rett til erstatning, fordi det ikkje har vore feilbehandling.
  • Ein pasient blei operert for skeiv stortå. Pasienten opplevde at gipsen var for trong, og han måtte bytast to gonger. Pasienten utvikla eit smertesyndrom, og meinte at dette måtte skuldast gipsen. NPE har vurdert behandlinga, og meiner at det ikkje er ein samanheng mellom gipsen og smertesyndromet. Smertesyndromet er ein kjend komplikasjon etter denne typen operasjon, og er mest sannsynleg forbigåande. Pasienten har ikkje rett til erstatning, fordi det ikkje har vore feilbehandling og gipsbehandlinga ikkje er årsak til smertene.

Fakta om Norsk pasientskadeerstatning (NPE)

NPE behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter feilbehandling i helsetenesta. Det er pasienten sjølv eller pårørande som melder eit krav til NPE. I 2018 tok NPE imot 5677 saker og utbetalte 1014 millionar kroner i erstatningar.

Lurer du på om du kan ha rett til erstatning etter feilbehandling, kan du ta ein sjekk på npe.no. Du får nokre enkle spørsmål du skal svare på og du vil då få ein peikepinn om du kan ha rett til erstatning.