Fleire søkjer om erstatning etter pasientskade

I fyrste kvartal 2019 tok Norsk pasientskadeerstatning imot 1566 søknader om erstatning. Dette er ein liten auke på 1,5 prosent frå fyrste kvartal i fjor.

Skriv ut Bokmål | English | 10. april 2019

– Med dette utgangspunktet for fyrste kvartal i år, har vi grunn til å tru at vi kjem til å ta imot rundt 6200 saker i løpet av 2019. Det vil i så fall vere det høgaste talet saker vi har teke imot i løpet av eit år, seier Jørstad.

Han understrekar at 6200 mottekne saker er ein førebels prognose for 2019. – Det vi fyrst og fremst er opptekne av er at pasientar og pårørande som meiner dei kan ha rett til erstatning, sender inn ein søknad til oss, slik at vi kan vurdere saka, seier han.

Han minner om at NPE har ei teneste på nettsidene sine der ein kan ta ein kort sjekk for å sjå om ein kan søkje erstatning for ein skade ein har fått i helsetenesta: – I denne sjekken får ein ein enkel gjennomgang av dei viktigaste vilkåra som må vere oppfylte for at ein skal få erstatning, seier Jørstad.

Fleire saker behandla

I  fyrste kvartal har NPE behandla 19 prosent fleire saker samanlikna med same periode i fjor.

– Vi har satsa kraftig på å effektivisere saksbehandlinga vår, og desse tala viser at vi er godt på veg i målsetjinga vår om å behandle fleire saker raskare. Vi held fram arbeidet med å effektivisere måten vi jobbar på, så eg har tru på at vi vil sjå at denne utviklinga held fram gjennom året, seier han.

238 millionar kroner utbetalt i erstatningar

I 2018 utbetalte NPE 238 millionar kroner i erstatningar fyrste kvartal. Det fyrste kvartalet i 2019 blei det utbetalt rundt 243 millionar kroner. Dette er ein auke på 2 prosent.

- Auken i utbetalingane skuldast fyrst og fremst at vi får ferdigbehandla fleire saker. Vi er opptekne av å sørgje for så rask utbetaling som mogleg, fordi vi veit at dette er viktig for brukarane våre, avsluttar Jørstad.