Fleire søkjer erstatning etter tannskadar

Fleire søkjer om erstatning for pasientskadar i fyrste halvår i år, samanlikna med den same perioden i fjor. Det er ein klar auke i tannskadar.

Skriv ut Bokmål | English | 13. juli 2021

NPE har teke imot totalt 3372 søknader om erstatning i årets fyrste seks månader. Det er 513 fleire enn same periode sist år, ein auke på 18 prosent.

- Veksten skuldast koronasaker og vi ser óg ein auke frå dei offentlege helseføretaka. I den private helsetenesta er det ca. 35 prosent fleire saker i år enn i fjor, seier direktør i NPE, Rolf Gunnar Jørstad.

Rot- og kronebehandlingar på topp

Dei fleste førespurnader om tannskadar gjeld rotbehandling, etterfølgt av saker om kronebehandling på ein solid andreplass. Deretter følgjer saker om diagnose og oppfølging ved periodontitt, tannfyllingar, trekking og innsetting av tenner og andre rekonstruksjonsinngrep, som bru.

- Einaste fordelen med koronaepidemien var at eg kunne skjule tennene mine i seks månader med munnbind, fortel ei av dei 308 som har søkt om erstatning etter tannlegebesøk.

Kvinna har fått 50.000 kroner etter at det blei påvist svikt i behandlinga i samband med innsetting av krone og bru og tap av to tenner. Dei fleste av tannsakene blir avslutta med utbetalingar oppunder 50.000 kroner.

-Eg togg sidelengs før ein spesialist etter to år sørgde for ei løysing, seier ho.

Tannskadar aukar mest

Dei fleste søknadene om erstatning frå privat helseteneste gjeld tannskadar. I fyrste halvår har 308 personar søkt om erstatning for tannskadar, mot 251 i same periode sist år.

- I dei tilfella der tannlegen ikkje følgjer opp skadar eller tannsjukdom, eller gir annan mangelfull behandling, snakkar vi om ein svikt i behandlinga. Erstatninga dekkjer i hovudsak utgiftene knytte til behandlinga og utbetring av skadane, seier Jørstad.

Tannlegeforeninga trur erstatningsordninga er blitt betre kjend

- Vi skulle sjølvsagt helst sett at ingen pasientar følte behov for å sende inn klage - kvar klage er ei for mykje. Samtidig må ein sjå tala i samanheng med talet behandlingar som faktisk blir gjennomførte. Så godt som heile den vaksne friske folkesetnaden nyttar seg av privat tannhelseteneste regelmessig. Vi treffer i overkant av tre millionar pasientar i løpet av året, og mange av dei har fleire behandlingar årleg. Sett i lys av dette er ikkje talet klager så stort, seier president i Den Norske Tannlegeforening, Camilla Hansen Steinum.

2021_rgj_tannsaker_samlet.jpg

Camilla Hansen Steinum og Rolf Gunnar Jørstad

Ho legg til at dei ikkje er nøgde med at talet klager stig. Ho meiner likevel at det óg kan tyde på at ordninga er blitt betre kjend og at det difor er fleire som nyttar seg av henne.

-Og det er veldig bra! Vi opplever NPE som eit velfungerande system som fangar opp der det er gjort feil, og at pasientane blir tekne godt hand om, seier Steinum.

Erstatning blir gitt på grunn av svikt i behandlinga

Tre av ti får innvilga erstatning på grunn av feilbehandling, medan sju av ti får avslag. Hovudgrunnen til avslaga er at skaden ikkje skuldast svikt i behandlinga, eller at skaden skuldast andre forhold enn behandlinga.

Les meir om kva som skal til for å få erstatning her.

Tilskotsordninga

Alle verksemder og autoriserte helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE. Ordninga fungerer som ei profesjonsforsikring for privat helseteneste og gjeld behandling utført i Noreg.

Tal for fyrste halvår 2021

1287 personar fekk
561 millionar i erstatning
Det er ein nedgang i utbetalingar på sju prosent
I snitt fekk folk 662 000 kvar. Dette gjeld saker som er ferdig utrekna
Det blei utbetalt mest til skadar i samband med 1) ortopedi, 2) kreft og 3) nevrologi
1 av 3 får ja
2 av 3 får nei
Vi tok imot 3372 nye søknader – 18 prosent fleire enn 1. halvår 2020