Forskrift om meinerstatning på høyring

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gav NPE i oppdrag å lage ei forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Oppdraget er no levert.

Skriv ut Bokmål | English | 8. mai 2019

-Det har vore lærerikt og spennande å arbeide med forskrifta. På vegner av arbeidsgruppa vil eg takke alle som har bidrege til dette viktige arbeidet, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.

Utvalde skadeområde
I oppdraget frå HOD står det at NPE skal skildre dei områda som bør prioriterast fyrst. Dei medisinske områda det har vore jobba med i ny forskrift er områda fordøyingssystemet (mage og tarm), kjønnsorgan og hjarte. Områda er allereie omtalte i yrkesskadeforskrifta, men dei er supplerte og justerte i ny forskrift. I tillegg er det laga eit generelt punkt om smerter og eit nytt punkt om cerebral parese.

-Tanken er at vi vil levere utkast til nye skadeområde jamleg i 2019 og framover, seier Møllhausen. Innanfor området kreft, er det særleg følgjetilstandar som lymfødem og fatigue som det er aktuelt å arbeide vidare med, og å regulere i ny forskrift.

Vidare er psykiske skadar ikkje tilstrekkeleg regulerte i forskrifta som gjeld no, og vil bli prioriterte. Urologi vil òg bli prioritert sidan skadar på kvinnelege og mannlege kjønnsorgan no er regulerte i ny forskrift om meinerstatning for pasientskadar.