Forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar

NPE skal lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar. Vi har sett ned ei arbeidsgruppe med deltakarar frå NPE og Helseklage. Brukarar vil bli involverte i arbeidet etter kvart. Arbeidsgruppa har frist ut året med å levere forslaget.

-Vi er veldig glade for dette oppdraget. Det vil bli meir tydeleg korleis vi skal vurdere skadane til erstatningssøkjarar som har krav på meinerstatning, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.

Skriv ut Bokmål | English | 22. mars 2018

Vi brukar invaliditetstabellen i forskrift om meinerstatning ved yrkesskade, når vi skal vurdere om ein pasientskade har ført til ein varig medisinsk invaliditet, som gir rett til meinerstatning. Vi fastset varig medisinsk invaliditet i prosent, anten ved å vise direkte til tilstandar som er regulerte i invaliditetstabellen, eller ved å samanlikne med tilstandane som er regulerte i tabellen. Erfaringa med pasientskadesakene er likevel at tabellen i yrkesskadeforskrifta ofte manglar punkt, eller ikkje er dekkjande nok for pasientskadar.

Intern invaliditetstabell
For ei tid sidan utvikla vi difor ein eigen intern invaliditetstabell. Han kan gi rettleiing og vere eit supplement for skadefølgjer, som ikkje er regulerte i tabellen i forskrifta. Den interne invaliditetstabellen er meint som eit supplement til forskrift om meinerstatning ved yrkesskade. Føremålet er å leggje til rette for ei betre og enklare vurdering av skadefølgjene, og dermed sikre at vi får lik praksis.

Utkast til forskrift - meinerstatning
NPE har hatt dialog med Helse- og omsorgsdepartementet om at det er betre å ha ein invaliditetstabell for pasientskadar i forskrifts form, enn ein intern tabell. No har vi fått følgjande oppdrag frå departementet:

NPE skal

  • gjere greie for kva typar pasientskadar som ikkje er skildra, eller som er mangelfullt skildra, i invaliditetstabellen
  • skildre dei områda som bør prioriterast fyrst
  • lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskade

Ei forskrift som gjeld pasientskadar vil styrkje legitimiteten og rettskjeldeverdien på dette viktige området.